Totland i Bergen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Nedre og Øvre Totland
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Bergen
Postnummer 5226 NESTTUN

Totland er ein gard i Fana i Bergen kommune. Han ligg inst i dalen som fører opp mot sørsida av Totlandsfjellet.

Garden er delt i to, Nedre (gnr. 57) og Øvre Totland (gnr. 58). Det er framleis gardsdrift på begge gardane.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem truleg av det norrøne Þorsland, som igjen kjem av manns- og gudenamnet Tor. Garden har gjeve namn til Totlandsvegen.

Nedre Totland[endre | endre wikiteksten]

Nedre Totland

Nedre Totland høyrte i mellomalderen til Munkeliv kloster. Munkelivsgodset vart selt til generaltollforvaltar Herman Garmann i 1660-åra. Her ligg i dag Riple skole.

Nedre Totland grensar til Øvre Totland i nord, Myrdal i nordvest, Fjellbirkeland i sørvest, Hedno i sør og Riple i aust.

Øvre Totland[endre | endre wikiteksten]

Øvre Totland

Øvre Totland høyrte til Andreas-prebendet i Domkyrkja, og frå 1596 og fram til 1830-åra var det Korskirken som hadde inntektene av gardsdrifta. Etter den tid kom garden i sjølveige hos brukarane. Det finst ei lysløype på Øvre Totland i dag.

Øvre Totland grensar til Lid i nordaust, Søylen og Øvre Brattland i nord, Nedre Dyngeland og ein liten del av Milleshaug i nordvest, Øvre Dyngeland i vest, Nedre Totland i vest og sør, og Riple i aust.

Ein liten del av den tidlegare kommunegrensa mellom Fana og Arna gjekk mellom Øvre Totland og Lid.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0.