Høgtid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maslenitsa, ei russisk høgtid skildra av Boris Kustodiev i 1919.

Høgtid (norr. hátíð, frå lågtysk hochtit 'kyrkjeleg fest, bryllaup') viser til ei større feiring. Høgtider er større festdagar som kan ha eit religiøs eller anna kulturelt grunnlag. Høgtider blir ofte markerte med religiøse seremoniar, særskild mat og drikke, festar og underhaldning, og deltakarar opplever ofte ei eiga oppløfta stemning som ein kallar «høgtidsstemning».

Feiring av den jødiske høgtida sukkót.

Dei finn ofte stad årleg, gjerne i samband med korleis året går. Feiringar av nyår, midsommar, midvinter og andre hendingar knytt til årstider eller astronomiske hendingar er vanlege. Det er også minnedagar for ulike viktige hendingar, som dei kristne jul, påske og pinse, jødiske pesah og sjabu‘ót og dei muslimske id ul-fitr og id ul-adha.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Høgtid