Melodi Grand Prix 2011

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2011
Stella Mwangi MGP 2011.jpg
Dato
Delfinale 1 15. januar 2011
Delfinale 2 22. januar 2011
Delfinale 3 29. januar 2011
Sistesjansen 5. februar 2011
Finale 12. februar 2011
Vertskap
Delfinale 1 Ørland
Delfinale 2 Florø
Delfinale 3 Skien
Sistesjansen Sarpsborg
Finale Oslo Spektrum
Programleiarar Anne Rimmen og Per Sundnes
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 21 (8 i finalen)
Vinnar
Song «Haba Haba»
Artist Stella Mwangi
Resultat i Eurovision Song Contest 2011
Semifinalepoeng 30
Semifinaleplass 17.
Finalepoeng Ikkje kvalifisert
Finaleplass Ikkje kvalifisert
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2010 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2012

Melodi Grand Prix 2011 var den 49. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. 21 songar deltok i tre delfinalar og Siste sjanse. Av desse kom åtte til finalen 12. februar 2011 i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnaren blei «Haba Haba», framført av Stella Mwangi. Ho har skrive låten saman med Big City og Beyond51. Mwangi representerte Noreg i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf, der ho blei slått ut i den første semifinalen. Dette var første gong sidan 2007 at Noreg ikkje deltok i ein Eurovision-finale.

Sendingane[endre | endre wikiteksten]

Nok ein gong inviterte NRK låtskrivarar til å levere bidrag, og rundt 700 songar kom inn til tevlinga.[1] Redaksjonen med Per Sundnes og Mathias Karlsson i spissen, plukka ut 21 av dei til å delta i Melodi Grand Prix 2011.

Nok ein gong bestod tevlinga av tre delfinalar, Siste sjanse og finalen i Oslo Spektrum. Første delfinale blei halden i Ørland laurdag 15. januar, andre delfinale i Florø laurdag 22. januar og tredje delfinale i Skien laurdag 29. januar. Sju melodiar deltok i kvar delfinale, og dei to med flest røyster kvalifiserte seg direkte til finalen, medan tredje- og fjerdeplass gjekk vidare til Siste sjanse i Sarpsborg laurdag 5. februar. I tillegg gjekk dei to femteplassane med prosentvis flest røyster også vidare til Siste sjanse. Dei åtte sistesjanse-låtane tevla i ein utslagscup, og dei to som stod att, gjekk vidare til finalen. Dermed var det åtte songar i finalen i Oslo Spektrum laurdag 12. februar. Programleiarar for alle sendingane var Per Sundnes og Anne Rimmen.

Blant artistane var dei fleste relativt ukjende for publikum, og mange av dei var henta frå talenttevlingar som Idol, X Factor og NRKs Kjempesjansen.[2] Dei mest kjende deltakarane var Helene Bøksle, popgruppa Babel Fish, Noora Noor, Gatas Parlament og The Blacksheeps som vann MGP junior og MGP Nordic i 2008.

Startrekkjefølgja i finalen blei trekt direkte i tv-programmet Førkveld fire dagar før finalen.[3] Her deltok åtte melodiar og dei fire med flest sjåarrøster gjekk vidare til gullfinalen. Der blei songane framførte på nytt, før sjåarane røysta om att. Fjorårsvinner Didrik Solli-Tangen song «My Heart Is Yours» før røystinga med støtte frå Oslo fagottkor. Stella Mwangi vann finalen og fekk dermed representere Noreg i Eurovision Song Contest.

Resultatet i finalen[endre | endre wikiteksten]

Oslo Spektrum, Oslo, laurdag 12. februar 2011

Anne Rimmen, ein av programleiarane, under 3. delfinale i MGP 2011

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Vardlokk» Helene Bøksle Helene Bøksle, Sindre Hotvedt og Knut Avenstroup Haugen Cecilie Larsen Uplassert
2 «Alt du vil ha» Sie Gubba Magne Almås og Petter Øien Gullfinale
3 «Depend on Me» Babel Fish Halvor Holter og Tarjei van Ravens Uplassert
4 «Fire Below» The Lucky Bullets Knud Kleppe Gullfinale
5 «Dance Tonight» The BlackSheeps Agnete Kristin Johnsen og Emelie Nilsen Gullfinale
6 «Haba Haba» Stella Mwangi Beyond51 og Big City Stella Mwangi Gullfinale
7 «Not That Easy (Ah-Oh-Ah-Oh)» Åste og Rikke Rikke Normann Uplassert
8 «You're Like a Melody» Hanne Sørvaag Hanne Sørvaag og Martin Hansen Uplassert

Gullfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Røyster Plass
2 «Alt du vil ha» Sie Gubba Magne Almås og Petter Øien 94 884 4
4 «Fire Below» The Lucky Bullets Knud Kleppe 115 793 3
5 «Dance Tonight» The BlackSheeps Agnete Kristin Johnsen og Emelie Nilsen 155 059 2
6 «Haba Haba» Stella Mwangi Beyond51 og Big City Stella Mwangi 280 217 1

Røysting i finalen[endre | endre wikiteksten]

Dei fire mest populære songane i første runde gjekk vidare til gullfinalen. Det fulle resultatet frå første runde blei aldri offentleggjort, og gullfinalistane blei presenterte i tilfeldig rekkjefølgje. I gullfinalen blei resultatet avgjort av ei blanding av fagjuryar og telefonrøystene. Først blei telefonrøystene frå publikummet i Oslo Spektrum presenterte, deretter kom fagjuryane frå dei tre delfinalestadene og Siste sjanse-byen. Kvar fagjury gav 2 000, 4 000, 6 000 og 8 000 poeng til dei fire gullfinalistane. Etter Oslo Spektrum og fagjuryane blei sjåarane sine telefon- og SMS-røyster presenterte. De var delt i to geografiske regionar ut frå kor i landet dei blei gitt. Nord-Noreg, Vestlandet og Sørlandet blei slått saman til ein region, medan Trøndelag og Austlandet var den andre regionen. Kvar røyst talde eitt poeng. Poenga for landsdelane under motsvarar dermed talet på mottatte telefon- og SMS-røyster.[4]

Nr. Tittel Oslo Spektrum Ørland Florø Skien Sarpsborg Nord, Vest og Sør Trøndelag og Aust Totalt
2 «Alt du vil ha» 386 4 000 2 000 2 000 2 000 25 906 58 592 94 884
4 «Fire Below» 2 397 2 000 4 000 4 000 6 000 51 976 45 420 115 793
5 «Dance Tonight» 1 602 8 000 8 000 6 000 4 000 50 088 77 369 155 059
6 «Haba Haba» 3 616 6 000 6 000 8 000 8 000 121 388 127 213 280 217

Delfinalane[endre | endre wikiteksten]

Delfinale 1[endre | endre wikiteksten]

Hangar E, Ørland hovudflystasjon, Ørland, laurdag 15. januar 2011

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Guns & Boys» Carina Dahl Carina Dahl, Nanna Martorell og Hanne Sørvaag 6 Ute
2 «Daisy» Use Me Jim André Bergsted 4 Siste sjanse
3 «Vardlokk» Helene Bøksle Helene Bøksle, Sindre Hotvedt og Knut Avenstroup Haugen Cecilie Larsen 2 Finale
4 «Alt du vil ha» Sie Gubba Magne Almås og Petter Øien 3 Siste sjanse
5 «Jobbe litt mindre og tjene litt mer» Gatas Parlament Alex Molkom Aslak Borgersrud, Elling Borgersrud og Don Martin 5 Siste sjanse
6 «Trenger mer» Sichelle Christine Dancke 7 Ute
7 «Not That Easy (Ah-Oh-Ah-Oh)» Åste og Rikke Rikke Normann 1 Finale

Delfinale 2[endre | endre wikiteksten]

Florø idrettssenter, Florø, laurdag 22. januar 2011

Dette var første gong Florø arrangerte ein delfinale.

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «I'll Be Yours» Pernille og Marius Ovi, Johanna Demker og Björn Djupström 5 Siste sjanse
2 «Depend on Me» Babel Fish Halvor Holter og Tarjei van Ravens 1 Finale
3 «Hungry for You (Gipsydance)» Marika Lejon Marika Lejon 7 Ute
4 «Sand» Isabella Leroy Isabella Leroy 6 Ute
5 «Oh Oh (Puppy Love)» Endre Nordvik Samsaya og Jarl Aanestad 3 Siste sjanse
6 «You're Like a Melody» Hanne Sørvaag Hanne Sørvaag og Martin Hansen 2 Finale
7 «Allergic» Mimi Blix Merethe La Verdi og Kjetil Schei 4 Siste sjanse

Delfinale 3[endre | endre wikiteksten]

Skien fritidspark, Skien, laurdag 29. januar 2010

The BlackSheeps under 3. delfinale i Skien.

Dette var tredje året på rad Skien arrangerte ein delfinale. Det var også tredje gong at vinnaren av Melodi Grand Prix kom frå denne delfinalen.

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Plass Status
1 «Nothing Remains» Susperia Terje Andersen, Christian Hagen, Kenneth Åkesson, Håkon Didriksen og Øyvind Mustaparta Pål Mathisen 4 Siste sjanse
2 «Gone With the Wind» Noora Noor Simone Larsen, Moh Denebi, Jennifer Brown og Bjørn Djupström 5 Ute
3 «SOS» Girl Happy Tor Einar Krogtoft-Jensen og Christoffer Bergersen 6 Ute
4 «Like Dreamers Do» Grethe Svensen Grethe Svensen og Tommy Berre Simon Anthony Walker 7 Ute
5. «Dance Tonight» The BlackSheeps Agnete Kristin Johnsen og Emelie Nilsen 2 Finale
6 «Haba Haba» Stella Mwangi Beyond51 og Big City Stella Mwangi 1 Finale
7 «Fire Below» The Lucky Bullets Knud Kleppe 3 Siste sjanse

Siste sjanse[endre | endre wikiteksten]

Sarpsborghallen, Sarpsborg, laurdag 5. februar 2011

Dei to femteplassane med høgast prosentoppslutning frå dei tre delfinalane fekk dei to siste plassane i Siste sjanse. 31. januar offentleggjorde NRK at dei to beste 5. plassane var Gatas Parlament og Pernille og Marius. Samstundes offentleggjorde NRK også kven som skulle duellere mot kvarandre.[5]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Status
1 «Daisy» Use Me Jim André Bergsted Ute
2 «I'll Be Yours» Pernille og Marius Ovi, Johanna Demker og Björn Djupström Ute
3 «Alt du vil ha» Sie Gubba Magne Almås og Petter Øien Finale
4 «Allergic» Mimi Blix Merethe La Verdi og Kjetil Schei Ute
5 «Jobbe litt mindre og tjene litt mer» Gatas Parlament Alex Molkom Aslak Borgersrud, Elling Borgersrud og Don Martin Ute
6 «Fire Below» The Lucky Bullets Knud Kleppe Finale
7 «Oh Oh (Puppy Love)» Endre Nordvik Samsaya og Jarl Aanestad Ute
8 «Nothing Remains» Susperia Terje Andersen, Christian Hagen, Kenneth Åkesson, Håkon Didriksen og Øyvind Mustaparta Pål Mathisen Ute

Resultatet av Siste sjanse:[endre | endre wikiteksten]

Runde 1 Runde 2 Til finalen
                   
         
  Use Me – «Daisy» Vidare
 
  Pernille og Marius – «I'll Be Yours» Ute  
  Use Me – «Daisy» Ute
 
    Sie Gubba – «Alt du vil ha» Vinnar  
  Sie Gubba – «Alt du vil ha» Vidare
 
  Mimi Blix – «Allergic» Ute  
  Sie Gubba – «Alt du vil ha»
 
    The Lucky Bullets – «Fire Below»
  Gatas Parlament – «Jobbe litt mindre, og tjene litt mer» Ute
 
  The Lucky Bullets – «Fire Below» Vidare  
  The Lucky Bullets – «Fire Below» Vinnar
 
    Susperia – «Nothing Remains» Ute  
  Susperia – «Nothing Remains» Vidare
  Endre Nordvik – «Oh, Oh (Puppy Love)» Ute  

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

Den klare vinnaren av Melodi Grand Prix blei norsk-kenyanske Stella Mwangi med «Haba Haba». Tittelen er swahili og tydar «steg for steg», i tillegg har songen klare element av afrikanske rytmar og melodiar. Det afrikanske lydbiletet i songen fekk fleire til å reagere, og nokre meinte det var feil at ein afrikanskfødd artist med ein afrikansk-inspirert låt skulle representere Noreg i Eurovision Song Contest. Mest merksemd skapte varaordførar i Aure, Rita Ormbostad, som la ut følgjande kommentar på Facebook rett etter finalen: «Gi mæ sama, isbjørna å moskusa! Æ syns d e d vi ska sæll, å itj at vi har åpne asylmottak!!!! Ska kvæss mæ et spyd å handel bongotrommå t dusseldorf».[6] Ormbostad orsaka kommentaren kort tid etter.[7] Også i Tyskland blei den norske vinnarlåten møtt med overrasking. Tysklands svar på Per Sundnes, Stefan Raab, kalla låten for «bongo-bongo-musikk». Oppstyret sparka i gang ein viss rasismedebatt i Noreg, men Stella Mwangi sjølv ønskte ikkje å kommentere rasismedebatten då ho var gjest på Skavlan helga etter finalen.[8][9][10][11]

«Haba Haba» blei uansett ein stor hit i Noreg, og vinnarlåten låg 13 veker på VG-lista, med fire strake veker på førsteplass.[12] Målt opp mot VG-lista er dette ein av dei mest suksessrike Melodi Grand Prix-vinnarane gjennom tidene.

Finalen blei sett av 1 295 000 sjåarar, medan delfinalane samla høvesvis 1 074 000, 1 050 000 og 947 000 sjåarar. Siste sjanse hadde 875 000 sjåarar i første del, og 677 000 i andre del.[13][14]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «700 bidrag til MGP 2011 (oppdatert)». Escnorge.net. 11. oktober 2010. Besøkt 20. august 2016.
  2. Norheim, Elisabeth (30. november 2011). «Fra talentprogram til MGP-sirkus»VG Nett.
  3. Riise, Hege Bakken (8. februar 2011). «Slik blir finalerekkefølgen!»nrk.no.
  4. «Melodi Grand Prix 2010 – norsk finale (2:2)». Norsk rikskringkasting. 6. februar 2010. Besøkt 10. august 2016.
  5. Hege Bakken Riise (31. januar 2011). «Disse får en ny sjanse» (norsk). NRK.no. Henta 25. september 2016. 
  6. Tomren, Lasse (16. februar 2011). «– Gi mæ sama, isbjørna å moskusa!»rbnett.no / Norsk Telegrambyrå.
  7. Øgar, Sindre (17. februar 2011). «Varaordfører: – Håper ikke Stella tar det personlig»VG Nett.
  8. Falch-Nilsen og Rostad, Kirsti og Kristian (18. februar 2011). «Nektet å svare Skavlan»nrk.no.
  9. Viken, Ingunn (18. februar 2011). «Er vi norske nok for deg, Rita?». Verdens Gang. s. 4.
  10. Skartveit, Hanne (18. februar 2011). «Hele Norges Stella». Verdens Gang. s. 3.
  11. «Høyre-politiker setter integreringen i revers» (pressemelding). Sosialistisk Venstreparti. 17. februar 2011.
  12. «VG-lista for 'Haba Haba'». Verdens Gang. Besøkt 20. august 2016.
  13. Ighanian, Catherine Gonsholt (14. februar 2011). «1,3 millioner så Stella vinne»VG Nett.
  14. Nordseth, Pål (31. januar 2011). «MGP mister seere»Dagbladet.no.