Fonologien til grenlandsmålet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fonologien til grenlandsmålet.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Grenlandsmålet har – som dei fleste variantane av norsk – 9 kort og 9 lange monoftongar og 7 diftongar.

Monoftongar i grenlandsmålet
  fremre bakre
urunda open-runda trong-runda runda
kort lang kort lang kort lang kort lang
trong i [ɪ] iː [iː] y [ʏ] yː [yː] ʉ [ʉ̞] ʉː [ʉː] u [ʊ] uː [uː]
trong-midtre e [ɛ] eː [eː] ø [œ] øː [øː] o [ɔ] oː [oː]
open-midtre æ [æ] æː [æː]      
open a [a]     aː [ɒː]

Det er eit særkjenne ved grenlandsmålet at det er klåre kvalitetsskilnader mellom dei fleste korte og lange vokalane. Klårast er dette ved dei trong-midtre vokalane /e eː/, /ø øː/ og /o oː/ og dei opne vokalane /a aː/. Dette inneber at dei lange vokalane /eː/, /øː/, /oː/ og /aː/ ikkje fell i hop med dei tilsvarande korte når dei blir forkorta i trykksvak stilling. Dei seks diftongane blir /æi øy æʉ ai oy ʉi ui/. Diftongane har ein del fellestrekk, t.d. er alle stigande, bortsett frå dei to siste, som er avvikande ved å ha to tronge vokalar. Diftongen /æʉ/ blir uttala [æʉ̞] eller [æʋ].

Trykkveik kort e[endre | endre wikiteksten]

Trykkveik kort e varierer sterkt i uttale. I omstendeleg uttale av td ²maːɽe 'måle', mellom anna føre pause, læt han oftast som [ɛ]. I raskt tale, særleg føre eit anna ord, blir han sentralisert til [ɛ̈] eller [ǝ]. Dette skjer berre når ordet etter tek til med konsonant, for han blir ikkje uttala i det heile føre vokal:

  • skarʉ ²maːɽe [²mɒːɽǝ] poː eːn ¹sønda 'skal du måle på ein sundag?'
  • skarʉ ²maːɽ [²mɒːɽ] i ¹daː 'skal du måle i dag?'

Når trykkveik kort e står mellom ein konsonant og n eller l, smeltar e og n/l i hop til syllabisk n/l:

  • ¹boːten [¹boːtn̩] 'båten'
  • ¹feŋʃel [¹fɛŋʃl̩] 'fengsel'

Når trykkveik kort e følgjer ein annan vokal, får han same kvaliteten som denne vokalen, særleg når ein konsonant følgjer e:

  • ²spaːe [²spɒːɛ] ~ [²spɒːɒ] 'spade'
  • ²spaːen [²spɒːɒn] 'spaden'
  • ²ɡoːen [²ɡoːon] 'gåen'

Desse ord kunne ikkje skrivast fonemisk som *²spaːan og *²ɡoːon, for kort a og o blir uttala [a] og [ɔ]. Legg merke til kva ²spaːe 'dag' og ¹daː 'dag' heiter i bunden fleirtal – dei rimar ikkje:

  • ²daːene [²dɒːɒnɛ] ‘dagane'.
  • ²spaːane [²spɒːanɛ] ‘spadane'.

Kort [æ][endre | endre wikiteksten]

I eldre grenlandsmål var ikkje [æ] eit eige fonem.

I trykksterk staving[endre | endre wikiteksten]

I trykksterk staving var [æ] og [ɛ] allofonar av eit fonem /e/, med desse distribusjonane:

  • Trykksterk /e/ blei realisert som [æ] føre konsonantane /ʈ ɖ ɳ ʂ r ɽ/, som i desse døma:
    • /¹eʈ/ [¹æʈ] f 'ert'; /¹ɡeɖ/ [¹ɡæɖ] 'Gerd'; /²geɳe/ [²ɡæɳɛ] 'galne'; /²heʂe/ [¹hæʂɛ] v 'herse'; /¹vere/ [¹ʋæɾɛ] adj, komp 'verre'; /¹eɽj/ [¹æɽj] m 'elg'
  • Trykksterk /e/ blei realisert som [æ] i diftongane /ei/ og /eʉ/:
    • /¹brei/ [¹bɾæi] adj 'brei'; /²eʉe/ [²æʉɛ] n 'auge'
  • Trykksterk /e/ blei realisert som [ɛ] i andre samanhengar, td:
    • /²veske/ [²ʋɛskɛ] f 'veske'; /²hesje/ [²hɛʃjɛ] f 'hesje'

Tilhøva endra seg då /sj/ midt på 1900-talet fall saman med /ʂ/ i det som vi i moderne grenlandsmål skriv /ʃ/, slik at det einaste som skil uttalen av 'hesje' og 'herse' er kvaliteten på den trykksterke vokalen:

  • /²heʃe/ [¹hæʃɛ] v 'herse'; /²hæʃe/ [²hɛʃɛ] f 'hesje'

I dette nye systemet må vi rekne trykksterk /e/ og /æ/ som to ulike fonem i trykksterk staving.

I trykkveik staving[endre | endre wikiteksten]

I trykkveik staving var tilhøva tidlegare annleis, ved at [a] og [æ] var allofonar ev eit fonem /a/, med desse distribusjonane:

  • Trykkveik kort /a/ blei realisert som [æ] føre konsonantane /ʈ ɳ ʂ r/:[1]
    • /¹keʉaʈ/ [¹kæʋæʈ] 'Coward' (eit familienamn); /²læːraɳ/ [²læːɾæɳ] m 'læraren'; /²stakaʂ/ [²stakæʂ] adj 'stakkars'; /²stakar/ [²stakæɾ] m 'stakkar'; /²læːrar/ [²læːɾæɾ] m 'lærar'; /²eɽjar/ [²æɽjæɾ] m, pl 'elgar'
  • Trykkveik /a/ blei realisert som [a] i andre samanhengar, td
    • /²hopa/ [²hɔpa] v 'hoppa'

Det fanst òg ein kort /e/ i trykkveik staving, som alltid blei realisert som [ɛ]:

  • /²jente/ [²jɛntɛ] f 'jente'; /²jenter/ [²jɛntɛɾ] f, pl 'jenter'

Tilhøva endra seg då lånord med trykkveik /ar/ byrja å bli uttala med [aɾ]:

  • /¹ɡʉnar/ [²ɡʉnaɾ] 'Gunnar'; /¹raːdar/ [¹ɾɒːdaɾ] m 'radar'

I dette nye systemet må vi skilje mellom trykkveik /a/, /æ/ og /e/:

  • /¹keʉæʈ/ [¹kæʋæʈ] 'Coward' (eit familienamn); /²læːræɳ/ [²læːɾæɳ] m 'læraren'; /²stakæʂ/ [²stakæʂ] adj 'stakkars'; /²stakær/ [²stakæɾ] m 'stakkar'; /²læːrær/ [²læːɾæɾ] m 'lærar'
  • /²jente/ [²jɛntɛ] f 'jente'; /²jenter/ [²jɛntɛɾ] f, pl 'jenter'

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Grenlandsmålet har 22 konsonantfonem:

Konsonantfonem i grenlandsmålet
labial laminal apikal dorsal laryngal
plosiv p b t d ʈ ɖ k g
nasal m n ɳ ŋ
frikativ f s ʃ ç h
approksimant v l j
flikk r
flapp ɽ

Bymåla i Brevik og Langesund mangla tidlegare (inntil fyrste helvta av 1900-talet) fonemet ɽ, og ein nytta l eller i staden, til dømes ²nyːˌmaːla ²golver 'nymåla golv (pl.)', mot ²nyːˌmaːɽa ²goɽver andre stader. Bymålet i Kragerø manglar framleis ɽ, i motsetnad til dei tilgrensande bygdemåla.

Folk som er fødde før 2. verdskrigen, har ʃj av eldre sj, til dømes ¹ʃjøː 'sjø' og ²ʃjelden 'sjeldan'. Den dominerande uttalen i dag er ¹ʃøː 'sjø' og ²ʃelden 'sjeldan'.

Trykk, aksent og tonem[endre | endre wikiteksten]

Trykk, aksent og tonem i grenlandske ord har desse relasjonane til kvarandre:

Aksent 1 og aksent 2 kan òg kallast "tonem 1" og "tonem 2" eller tonelag 1 og tonelag 2. Denne klassifikasjonen inneber at det finst fire typar stavingar i høve til trykk, aksent og tonem:

  1. Trykkveike stavingar.
  2. Trykksterke uaksentuerte stavingar.
  3. Trykksterke aksentuerte stavingar med tonem 1.
  4. Trykksterke aksentuerte stavingar med tonem 2.

Ordet ²baːdeˌstrana [²bɒːd̻ɛˌs̻t̻ɾan̻a] 'badestranda' har fire stavingar, ²baːd, e, ˌstran og a[2]:

  • ²baːd er ei trykksterk aksentuert staving med tonem 2, markert med ² føre; tonem 2 er markert med ².
  • e er ei trykkveik staving.
  • ˌstran er ei trykksterk uaksentuert staving, markert med /ˌ/ føre.
  • a er ei trykkveik staving.

Meir om aksent[endre | endre wikiteksten]

Som nemnt i innleiinga til artikkelen Grenlandsmålet, har dialekten fleire vestnorske drag, til dømes at framandord ikkje har konsekvent aksent på fyrste stavinga, som i tradisjonelt austnorsk. På grenlandsk, som vidare vestover, heiter det mʉ¹sik 'musikk' og diːa¹lekt 'dialekt', mens det i Vestfold og elles på Austlandet tradisjonelt heiter ²mʉsik 'musikk' og ²diːaˌlekt 'dialekt'. Dette tyder likevel ikkje at aksenten alltid ligg på same staden som i såkalla "standarduttale" av nynorsk og bokmål. Det finst mellom anna ord som ¹kɽuːak 'kloakk', pu¹daːɡra 'podagra' og mu¹tuːr 'motor', som i "standarduttale" heiter kluː¹ak 'kloakk', ¹puːdaɡra 'podagra' og ¹mu(ː)tur 'motor'. Hos eldre folk kan ein òg høyre uttalemåtar som puli¹tiker 'politikar', der "standarduttalen" er pu¹liːtikar (nynorsk) / pu¹liːtiker (bokmål).

Ein ting som skil grenlandsmålet frå mange søraustlandske og midtaustlandske dialektar, er aksentueringa av adjektiv i superlativ. Her ei ei jamføring mellom oslomålet og grenlandsmålet:

  • Oslomålet: ¹fiːn 'fin', ¹fiːnest 'finast', ²fiːneste 'finaste'; ²tiːli 'tidleg', ¹tiːlikst 'tidlegast', ²tiːlikste 'tidlegaste'
  • Grenlandsmålet: ¹fiːn 'fin', ²fiːnast 'finast', ²fiːnaste 'finaste'; ²tiːli 'tidleg', ²tiːliast 'tidlegast', ²tiːliaste 'tidlegaste'

I grenlandsk har superlativformene alltid aksent 2, i samsvar med dei fleste målføra utanfor Søraustlandet og i samsvar med det ein skulle vente på bakgrunn av utviklinga frå norrønt til moderne norsk. Oslomålet har derimot eit system der superlativ utan -e på slutten har aksent 1 og superlativ med -e på slutten har aksent 2, truleg i analogi med positive former, med aksent 1 i ¹fiːn 'fin' og aksent 2 i ²fiːne 'fine'.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. /ɖ/ og /ɽ/ kunne i prinsippet takast med her òg, men det førekjem ikkje i denne posisjonen.
  2. Ordet er delt i stavingar i samsvar med Endresen (1999).