Francis Obikwelu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Francis Obikwelu

Francis Obikwelu Paris 2011.jpg

Statsborgarskap Portugal, Nigeria
Fødd 22. november 1978
Onitsha
Idrett friidrett
Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Francis Obikwelu (fødd 22. november 1978) er ein nigeriansk friidrettsutøvar som frå 2002 representerte Portugal. Han vann VM-bronse 1999 på 200 m for Nigeria, sidan vann han tre EM-gull og OL-sølv på sprintdistansane for Portugal.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Obikwelu deltok på det nigerianske laget som i 1997 tok VM-sølv i 4 x 100 meter stafett. Under verdsmeisterskapen i Sevilla i 1999 vann han semifinalen på 200 meter på 19,84 sekundar, eit tid han aldri sidan klarte forbetre. I finalen sprang han i mål på 20,11 og vart bronsemedaljør.

Etter Obikwelu ikkje fekk plass i Nigerias OL-tropp til Sydney, søkte han i 2001 om portugisisk statsborgarskap. Under EM 2002 vart han andremann på 100-meteren etter briten Dwain Chambers, fire år seinare vart Chambers sitt løp annullert og Obikwelu kåra til vinnar. På 200-meteren i same meisterskapen kneip han sølvmedaljen på 200 m, langt bak den suverene vinnaren, Konstantinos Kenteris frå Hellas.

I OL-finalen på 100 meter i Aten i 2004 sprang Obikwelu sitt livs fortaste 100 meter. Med tida 9,86 sekundar, ny europarekord, kneip han sølvmedaljen frå Maurice Greene. Begge fekk same tid og var eitt hundredels sekund attom vinnaren Justin Gatlin. To år seinare vart Obikwelu dobbeltmeister under europameisterskapen 2006 i Göteborg. Han var klart beste på 100 m og heilt suveren på 200 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]