Frans Josef I av Austerrike-Ungarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Frans Josef I av Austerrike)
Gå til: navigering, søk
Frans Josef I
Franz Joseph, circa 1915.JPG
Keisar av Austerrike-Ungarn
Regjeringstid 2. desember 1848-
21. november 1916
Fødd 18. august 1830
Fødestad Schönbrunn
Død 21. november 1916 (86 år)
Dødsstad Schönbrunn
Gift med Elisabeth av Bayern

Frans Josef I av Asterrike (18. august 183021. november 1916) var keisar av Austerrike (18481916) og konge av Ungarn (18671916). Han var son av erkehertug Franz Karl av Austerrike og prinsesse Sophie av Bayern, og barnebarn av keisar Frans II av Det tysk-romerske riket.

Frans Josef I blei keisar av Austerrike etter at farbroren hans, Ferdinand I av Austerrike, abdiserte som følgje av uro i 1848. Far hans hadde allereie sagt frå seg retten til trona.

I krigen mot Sardinia i 1859 og mot Prøyssen i 1866 leia Frans Josef den tapande sida. Tapa var med på å bringa fram forfatningsreforma Ausgleich i 1867, noko som mellom anna innebar at det ungarske kongedømmet blei gjenoppretta i union med Austerrike.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Frans Josef blei gift med Elizabeth av Bayern den 24. april 1854. Dei fekk fire barn:

  1. Sofie, (5. mars 1855-29. mai 1857)
  2. Gisela av Austerrike, (12. juli 1856-27. juli 1932)
  3. Rudolf av Austerrike, tronfølgjar (21. august 1858+30. januar 1889)
  4. Marie Valerie av Austerrike (22. april 1868-6. september 1924)

I 1889 døydde tronfølgjaren Rudolf under det såkalla Mayerlingdramaet. På ei reise til Genève i 1898 blei keisarinne Elisabeth drepen av ein italiensk anarkist.

Etter at sonen døydde overtok erkehertug Franz Ferdinand, nevøen til keisaren, som arving til tronen. Franz Ferdinand blei drepen ved skota i Sarajevo i 1914.

Under den fyrste verdskrigen som følgde døydde den 86 år gamle keisaren. Etter at Frans Josef døydde overtok grand-grandnevøen hans, erkehertug Karl, trona. I 1918 blei monarkiet avskaffa.

Titlar[endre | endre wikiteksten]

Coat of Arms of Emperor Franz Joseph I.svg

Hans keisarlege og apostoliske majestet, Frans Josef I; Av Guds nåde, keisar av Austerrike, konge av Ungarn og Böhmen.

Konge av Lombardia-Venetia, av Dalmatia, Kroatia, Slavonia, Lodomeria og Illyria; konge av Jerusalem etc., erkehertug av Austerrike; storhertug av Toscana og Kraków, hertug av Lorraine, av Salzburg, Steiermark, Kärnten, Krain og av Bukovina; storfyrste av Transilvania; markgreve av Mähren; hertug av Øvre og nedre Schlesien, av Modena, Parma, Piacenza og Guastalla, av Auschwitz (Oświęcim) og Zator, av Teschen (Cieszyn/Český Těšín), Friuli, Ragusa (Dubrovnik) og Zara (Zadar); fyrsteleg greve av Habsburg og Tyrol, av Kyburg, Gorizia og Gradisca; fyrste av Trent (Trento) og Brixen; markgreve av Øvre og Nedre Lausitz og i Istria; greve av Hohenems, Feldkirch, Bregenz, Sonnenberg, etc.; herre av Trieste, av Cattaro (Kotor), og i Wendish Mark; Storvojvode av Vojvodedømmet Serbia etc.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]