Fredrik S. Heffermehl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fredrik S. Heffermehl
Fødd 11. november 1938 (82 år)
Oslo
Yrke Jurist, forfatter og fredsaktivist

Fredrik Stang Heffermehl (fødd 11. november 1938 i Oslo) er ein norsk jurist, forfattar og fredsaktivist som har arbeidd for fred og nedrusting gjennom ei årrekkje.

Heffermehl har vore visepresident i Det internasjonale fredsbyrået (som mottok Nobels fredspris i 1910). Han er vidare ærespresident og tidlegare president i Noregs Fredsråd og leiar av den internasjonale støttekomiteen for israeleren Mordechai Vanunu. Frå 1980 til 1982 var han den første generalsekretæren i Human-Etisk Forbund.

I 2007 tok han til orde for at Noreg burde trekkja seg ut av NATO. Grunngjevinga var at det er USAs imperialisme og medlemskapen i NATO som fører Noreg inn i krigar mot fjerne land og folk.[1]

Kritisk bok om Nobels fredspris[endre | endre wikiteksten]

Den 6. oktober 2008 lanserte Heffermehl boka Nobels vilje, der han analyserer Nobels testament (1895) og påviser kva Nobel må ha meint med orda "nasjonanes forbrødring", "reduksjon eller avskaffing av ståande hærar" og "å halde fredskongressar". Ein historisk og juridisk analyse viser at Nobelkomiteen er forplikta til å respektera at det Nobel ville var å oppretta ein pris for aktivt fredsarbeid, for ein ny internasjonal rettsorden der statane trygt kunne avskaffa sine militærvesen. Heffermehl meiner det skjer eit misbruk av Nobelprisen. Nobelkomiteen mistolkar oppgåva si når den har vald å tolka omgrepet "fredspris" i staden for å sjå på orda Nobel brukte i testamentet og hans spesifikke føremål med prisen. Det er då ikkje lenger Nobels fredspris, men Nobelkomiteens pris som vert utdelt.

Boka går ikkje mot vår tids utvida fredsomgrep, men påviser at Nobel ville utfordra militarisme og opprustning og at Nobelkomiteene etter siste krig ikkje har vore innstilt på dette. Mange prisvinnarar skulle ikkje ha fått prisen», meiner forfattaren. Blant dei mange som etter forfattaren si meining har fått prisar som strid mot loven og testamentet finn vi dei siste års prisvinnarar Al Gore og SNs klimapanel, Muhammad Yunus, Wangari Maathai, Shirin Ebadi og Det internasjonale atomenergibyrået IAEA. Han meiner det òg var feil å gje prisen i 1994 til Yasir Arafat, Shimon Peres og Yitzhak Rabin og i 1973 til Henry Kissinger og Le Duc Tho. Heller ikkje Raude Krossen, Amnesty, Leger utan grenser, Elie Wiesel, Norman Borlaug eller Mor Teresa burde fått fredsprisen, dei var ikkje "fredsforkjemparar" slik Nobel forstod omgrepet. I boka går han igjennom alle 118 fredsprisar frå perioden 1901–2007. Fram til 1940 var 85 prosent av pristildelingane i samsvar med Nobels kriterium. I årane etter krigen er det gått nedover med respekten for testamentet, held han fram. I denne perioden er det berre 45 prosent av prisane som får «godkjent». I dei siste sju år har berre ein pris vore innanfor testamentet, meiner Heffermehl.

Boka kritiserer òg Stortinget for å bryta norsk lov ved å overlata valet av medlemmar i Nobelkomiteen til partigruppene ut frå resultatet i siste val. Dette er ein viktig del av forklaringa på at partia sine eigeninteressar har fortrengt omsynet til kva Nobel ville med prisen sin, seier Heffermehl, som i boka òg hevdar at utviklinga av Nobels fredssenter og den årlege Nobelkonserten har ført til ein kommersialisering som har knytt prisen nærare til næringsinteresser enn til den typen fredsarbeid Nobel ynskte å styrkja med sin fredspris. Nobelkomiteens sekretær, Geir Lundestad, er kome i ein uheldig dobbeltstilling som fremste rådgjevar for Nobelkomiteen når han samstundes er avhengig av å verna viljen  norske føretak har til å gje pengar til fredssenteret. Dette nye kommersielle omsynet kjem på toppen av eit sterkt sideblikk til norske utanrikspolitiske interesser heilt frå det første tiåret til prisen.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Norge og NATOs kriger». 16. desember 2007. 
  2. «Nobelprisen misbrukes!». 6. oktober 2006.