Henry Kissinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henry Kissinger
Henry Kissinger.jpg
Fødd 27. mai 1923
Fürth
Henry Kissinger på Commons
Kissinger, Gerald Ford og Mao i 1975.

Heinz «Henry» Alfred Kissinger (IPA[ˈkɪsɪndʒər], fødd 27. mai 1923 i Fürth i Bayern) er ein tyskfødt amerikansk diplomat, statsvitar og republikansk politikar. Han spelte ei viktig rolle i amerikansk utanrikspolitikk som nasjonal sikkerheitsrådgjevar 1969–1975 og utanriksminister 1973–1977 under presidentane Richard Nixon og Gerald Ford. Etter at Kissinger gjekk av, har både seinare amerikanske presidentar og andre verdsleiarar freista søkja hans råd. Han er ein sterk eksponent for realpolitisk tenking i internasjonal politikk. I sine utøvande politiske roller mellom 1969 og 1977 var han med på å utforma avspenningspolitikken ovanfor Sovjetunionen, opna for diplomatiske forbindingar med Folkerepublikken Kina, og framforhandla fredsavtalen i Paris, som avslutta det amerikanske engasjementet i Vietnamkrigen.

Kissinger ble tildela Nobels fredspris i 1973, Presidentens frihetsmedalje i 1977 og i 1987 Karlsprisen.[1] Han har samtidig vorte skulda for «krigsforbrytingar, forbrytingar mot menneskeheita og … handlingar i strid med gjeldane rett, sedvaneretten eller folkeretten[2]

Familiebakgrunn, militærtjeneste og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Henry Kissinger vart fødd i byen Fürth i den tyske delstaten Bayern under Weimarrepublikken. Familien var tyske jødar.[3] Faren Louis Kissinger (1887–1982) var lærar, medan mora Paula Kissinger (fødd Stern) (1901–1998) var heimevêrande husmor. Henry Kissinger har ein yngre bror, Walter Kissinger. Tipptippoldefaren Meyer Löb tok slektsnavnet Kissinger etter den bayerske badestaden Bad Kissingen i 1817. Som gut spelte han fotball for favorittlaget sitt, SpVgg Fürth. I 1938 slapp familien unna nasjonalsosialistane sin jødeforfølgingar ved å utvandra til London, seinare til New York.

Familien budde i Washington Heights på øvre Manhattan, kor det var eit tysk-jødisk innvandrarmiljø. På tross av at Kissinger raskt vart assimilert inn i amerikansk kultur, har han aldri mista sin tyske aksent, grunna det at han var sjenert som barn. Etter det fyrste året ved George Washington High School byrja han å ta skulen som kveldskurs og arbeidde på ein børstefabrikk på dagtid. Han fortsette å arbeida på sida av, medan han studerte rekneskapsføring ved City College of New York, men vart likevel lagt merke til som ein utmerka student fagleg sett. Tidleg i 1943 vart han innrullert i United States Army og avbraut studiane.[4]

Han fekk grunntrening ved Camp Croft i Spartanburg i Sør-Carolina, og vart sommeren 1943 naturalisert som amerikansk statsborgar. Han kom i kontakt med ein annan tysk innvandrer, som merka seg Kissinger sine tyskkunnskapar og intellekt. Kissinger ble grunna det overflytta til den militære etterretningstjenesta, og melde seg frivillig til risikable etterretningsoppdrag under Ardennaroffensiven. Under den amerikanske innmarsjen i Tyskland fekk Kissinger ansvaret for å administrera byen Krefeld i Nordrhein-Westfalen, og klarte å etablera eit sivilt styre innan åtte dagar.[5] For innsatsen sin i å spora opp Gestapo-offiserar og sabotørar i Hannover, vart han tildelt Bronze Star Medal. I juni 1945 fekk han ansvaret for avnazifiseringa av byen Bensheim i Hessen.[6] I 1946 underviste han i etterretning ved Camp King i Oberursel, nordvest for Frankfurt am Main.[7]

Kissinger fekk sin baccalaurusgrad summa cum laude frå Harvard i 1950. Han tok seinare doktorgrad i historie i 1954, over temaet Metternich, Castlereagh og problema til freden 1812-22. Det vert ofte sagt at hans avhandling er ein av de lengste ved Harvard.

Politisk ambisiøs pleia han forbindelsar med Nelson Rockefeller. Då det i 1968 vart klart at Richard Nixon ville verta vald til president, vart Kissinger rådgjevar for han.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Diplomacy (1994)
  • On China (2011)[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Karlsprisens internettside besøkt 28. juni 2014
  2. O'Grady, Sean (13. september 2013). «Henry Kissinger: A diplomatic colossus who is still a key influence in US amid Syria crisis». The Independent (engelsk). Henta 6. mars 2014. 
  3. Isaacson 2005, s. 22.
  4. Isaacson 2005, s. 37–38.
  5. Isaacson 2005, s. 39–48.
  6. Isaacson 2005, s. 53.
  7. Isaacson 2005, s. 55.
  8. Borchgrevink, Aage (10. juli 2011). «Spillets mester». Aftenposten (norsk) (morgen utg.): 10.  |seksjon= ignorert (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur
  • Seymour Hersh: The Price of Power: Kissinger in the Nixon White House. New York: Summit Books, 1983. ISBN 0-671-44760-2.
  • Holger Klitzing: The Nemesis of Stability. Henry A. Kissinger's Ambivalent Relationship with Germany. Trier: WVT, 2007. ISBN 3-88476-942-1.
  • Niall Ferduson: Kissinger: 1923-1968: The Idealist. New York: Penguin Press, 2015. 978-1594206535