Fredrikke Mørck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrikke Mørck

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. november 1861
Trondheim
Død

14. oktober 1934 (72 år)

Yrke politikar, redaktør, stemmerettsforkjempar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening

Fredrikke Andrea Møllerup Mørck (9. november 186114. oktober 1934) var ei norsk kvinnesakskvinne, fødd og død i Trondheim.

Mørck var dotter til ein tollar. Ho tok lærarskuleeksamen i 1880 og arbeidde som guverante, lærar og skulestyrar ved ulike skular i hovudstaden fram til 1910. Ho skipa i 1900 Høiere Skolers Lærerindeforening og i tillegg eit engasjementskontor for lærarinner i høgre skular. Ho var leiar for Norsk Kvinnesaksforening frå 1926 til 1930.[1][2][3]

Mørck var med å redigere det store verket Norske kvinder, en oversigt over deres stilling og livsvilkaar i hundreaaret 1814-1914, som kom ut i 1914. Til liks med meiningsfellen Gina Krog ynskte Mørck snøgge endringar og var derfor aktiv i Landskvindestemmeretsforeningen. I 1916 tok Mørck over redaktørstolen i kvinnesakstidsskriftet Nylænde etter Krog, og var redaktør i tidsskriftet til 1927. Ho representerte Noreg på mange internasjonale kongressar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elisabeth Lønnå. «Nylænde». Store norske leksikon. Henta 1. fFebruar 2018. 
  2. «Norsk Kvinnesaksforenings: Fredrikke Mørck». Henta 8. mars 2016. 
  3. Lønnå, Elisabeth. «Fredrikke Mørck». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon. Kunnskapsforlaget. Henta 26. januar 2014.