Signe Swensson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Signe Swensson
Fødd 23. november 1888
Trondheim
Død

22. april 1974

Signe Swensson (23. november 188822. april 1974) var ein norsk lege og Høgre-politikar. Ho var stortingsrepresentant frå 1931 til 1936.

Medisinsk karriere[endre | endre wikiteksten]

Signe Swensson hadde studenteksamen frå Trondhjems katedralskole frå 1911, lærerinneeksamen frå Kristiania lærerskole frå 1912, medisinsk embedseksamen frå 1922 og dessutan studium i hudsjukdomar ved Rikshospitalet og klinikkar i Paris, Berlin, Wien, New York og Chicago. Swensson var lærar ved folkeskolen i Trondhjem 1913–1917, kandidat ved Trondhjem sykehus, Ullevål sykehus og Rikshospitalet 1923–1925, distriktslege på Frøya og fiskerilege på Titran og Halten vinteren 1926, fiskerilege på Skrova i Lofoten vinteren 1927 og lege med hudsjukdomar som spesialitet i Trondhjem frå 1927. Frå mai 1945 var ho styrer ved poliklinikk og sjukehusavdeling for veneriske sjukdomar hos kvinner i byen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Swensson var aktiv i politikken og organisasjonslivet som formann i Trondhjems Kvinneråd frå 1930, innvald på Stortinget frå Trondheim og Levanger 1931–1936, formann i Norges Yrkeskvinners Landsforbund 1936–1946, medlem av Trondheim bystyre 1937–1947, medlem av Statens bustadsplankomite av 1938 og viseformann i Trondheim skulestyre 1939–1945. Ho var viseformann og fungerande formann i Norsk Kvinnesaksforening. På Stortinget var ho sekretær i Helsekomiteen 1931–1933 og medlem av Universitets- og fagskolekomiteen 1934–1936. Som stortingskandidat i 1930 brukte ho slagordet «Signe Norge, Signe Høire, Signe Swensson!» på plakatar.[1]

Familie[endre | endre wikiteksten]

Ho var dotter av den svenskfødde kjøpmannen Pehr Gustaf Swensson og syster av overlege Nils Victor Swensson.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Øksendal, Lars; Jenssen, Frank; Skjøtskift, Ingrid; Fjellbu, Arne, red. (1993).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]