Randi Blehr
Randi Blehr | |
Portrett av Randi Marie Blehr, 1899 Foto: Selma Jacobsson/Nasjonalbiblioteket
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. februar 1851 Bergen |
Død | |
Yrke | politikar, stemmerettsforkjempar |
Politisk parti | Venstre |
Medlem av | Norsk Kvinnesaksforening |
Ektefelle | Otto Albert Blehr |
Randi Blehr på Commons |
Randi Marie Blehr (fødd 12. februar 1851 i Bergen, død 13. juni 1928 i Oslo) var ein norsk samfunnsaktivist som tok del i kvinnerørsla og målrørsla, og jobba for unionsoppløysing og fred.
Randi Blehr gifta seg med med stortingsmann og seinare statsministar Otto Albert Blehr i 1876. Ho var mor til Eivind Blehr, tante til Dagny Juel, og syster Hildur Nilsen, gift med Ferdinand Christian Prahl.
Randi Blehr flytta saman med mannen først til Nordfjordeid så til Lærdal (i 1877). Otto Blehr jobba som overrettssakførar, avismann i Sogns Tidende og til slutt som ordførar i Lærdal kommune.
Husflid
[endre | endre wikiteksten]Randi Blehr var oppteken av at kvinnene skulle dra nytte av den stigande interessa for husflidsprodukt mot slutten av 1800-talet.
I 1889 arrangerte Blehr eit vevkurs som gjekk over tre månader i Lærdal. 47 kvinner deltok, dei fleste frå Indre Sogn, men og byfruer og kjende biletveversker som Frida Hansen. Kjerstina Vangsnes frå Fresvik hadde teke opp att den gamle biletvevteknikken som var i ferd med å døy ut, og ho underviste i denne på kurset. Vevurset vart viktig både for å gjenreisa den gamle vevkunsten og for å gje inspirasjon til ein ny næringsveg for kvinner i Sogn.
Organisasjonsliv
[endre | endre wikiteksten]Randi Blehr var ein av dei som grunnla Norsk Kvindesagsforening i 1884. Ho var formann i to periodar, 1895-1899 og 1903 1922, samt styremedlem i to periodar, 1894-1895 og 1899-1900.
Blehr var med og starta Kvinnestemmerettsforeningen i 1885, Norske Kvinners Sanitetsforening i 1896 og Norsk Kvinnesaksforenings Fagskole i huslig økonomi i 1899. I 1905 tok Randi Blehr initiativ til ein nasjonal aksjon der heile 565 kvinneforeiningar vende seg til Storting og regjering for å krevje unionsoppløysing og kvinneleg stemmerett.
Blehr var aktiv i fredsrørsla og vart leiar i Norske Kvinners Fredsforbund i 1903.
Randi Blehr fekk i 1921 kongens fortenestemedalje i gull.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Aslaug Moksnes: Randi Blehr – Norsk biografisk leksikon / Store norske leksikon
- Per Fuglum: Otto Blehr – Norsk biografisk leksikon / Store norske leksikon
- Aud Ross Solberg: Vevkunst på oppstadvev. Årbok for Sogn 1997
- Aud Ross Solberg: Biletvevaren Kjerstina Vangsnes. Kulturhistorisk leksikon 2000.
- Vevkurset som berga norsk vevkunst. Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
- Henrik Ibsens skrifter, 31. mai 1898
- Kåre Hovland og Alfred Espe: Lærdal Bygdebok IV. Lærdal kommune 2001
- Jon Laberg: Lærdal og Borgund – bygd og ætter. 1938.
- Blom og Sogner (red.): Med kjønsperspektiv på norsk historie. 1999
- Arnhild Skre: Hulda Garborg - Nasjonal strateg. 2011 Arkivert 2011-12-20 ved Wayback Machine.