Gösta Adrian-Nilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gösta Adrian-Nilsson
Gösta Adrian-Nilsson.jpg
Fødd 2. april 1884
Lund i Skåne
Død

29. mars 1965
Stockholm

Yrke skribent, kunstmålar

Gösta Adrian-Nilsson, òg kalla GAN, (fødd 2. april 1884 i Lund, død 29. mars 1965 i Stockholm) var ein svensk målar. Han var homofil.

GAN vert rekna for å vere ein pioner for den abstrakte kunsten i Sverige

Han var utdanna ved Teknisk Selskabs Skole i København og Zahrtmanns Skole på Kunstnernes Studieskole ved Akademiet København. Han gjorde også mange studie- og arbeidsreiser i utlandet, mellom anna til Berlin og Köln 1912 - 1914 der han vart påverka av arbeida til Vasilij Kandinskij og Franz Marc. Han utvikla si eiga form for ekspressiv kubisme der fascinasjonen hans for moderne teknologi og maskulin styrke fekk uttrykk. Mannlege idrettsutøvarar og sjømenn var hyppige motiv. Det var også skip, hamner og jarnbane. Uttrykket fekk drag av futurisme og konstruktivisme.

Mellom 1920 og 1925 budde og arbeidde han i Paris og der kom han i kontakt med Fernand Léger. På 1930-talet vart måleria hans surrealistiske, og på 1940-talet vart kunsten hans heilt abstrakt.

Han signerte arbeida sine GAN. Han skreiv også dikt, noveller og barnebøker.

Representert ved mellom anna desse samlingane[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Meir å lese[endre | endre wikiteksten]

  • Jan Torsten Ahlstrand: GAN : Gösta Adrian-Nilsson : perioden 1914–1932
  • Jan Torsten Ahlstrand: GAN : 1884-1920 : Gösta Adrian-Nilsson : Modernistpionjären från Lund. ISBN 91-85330-71-X