Geir Holte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Holte
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. oktober 1959
Drammen
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Geir Holte (fødd 3. oktober 1959) er ein tidlegare, norsk langrennsløpar frå Hokksund i Buskerud. Hans beste renn i verdscupen i langrenn i Kavgolovo i januar 1988 enda med ein fjerdeplass på 30 km. Han fekk sjeldan sjansen til å representere Noreg under dei store internasjonale meisterskapane. Beste resultat var ein 18. plass på tremila under Ski-VM 1985 i Seefeld. I noregsmeisterskap vann han tre sølvmedaljar, 1984, 1986 og 1989, to av dei på femmila og ei på tremila. Holte vann 50-kilometeren i Holmenkollen i 1985, ei tevling som ikkje talde med i verdscupen, såleis mangla mange av dei fremste langrennsløparane på startstreken. Han var då den første i verda som gjekk ei femmil utan festesmurning. Tor Håkon Holte er ein eldre bror.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Nr 8 på 50 km i Oslo
  • 1984: Nr 6 på 30 km i Falun
  • 1985: Nr 5 på 30 km i Falun
  • 1985/86: Nr 13 på 30 km både i Bibawik og La Bresse
  • 1987: Nr 15 på 50 km i Holmenkollen
  • 1988: Nr 4 på 30 km i Kavgolovo

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1980: Nr 8 på både tremila i Asker og femmila på Vingrom
  • 1981: Nr 6 på 30 km på Eidsvoll
  • 1982: Nr 5 på 50 km i Trondheim
  • 1983: Nr 5 på både 15 km og på 50 km på Lillehammer
  • 1984: Sølvmedalje på 50 km i Hof
  • 1985: Nr 6 på 30 km i Tromsø
  • 1986: Sølvmedalje på 30 km i Vang
  • 1988: Nr 5 på 30 km i Vang
  • 1989: Sølvmedalje på 50 km på Geilo
  • 1990: Nr 6 på 15 km på Gjøvik

Han vart noregsmeister i stafett (3x10 km) tre år på rad for Hokksund Idrettslag, 1984 med broren Tor Håkon Holte og Oddvin Bakkene, 1985 med Tor Håkon Holte ogArild Monsen og 1986 med Tor Håkon Holte og Oddvin Bakkene.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar