George Berkeley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
George Berkeley

Fødd12. mars 1685
Kilkenny
Død14. januar 1753
Oxford
NasjonalitetKongeriket Irland
Områdefilosofi, teologi, utdanning, epistemologi, metafysikk, vitskapsteori, kalkulus, immaterialisme
Yrkefilosof, anglikansk prest, skribent, kunnskapsteoretiker, vitenskapsteoretiker, metafysiker, forkynnar
Alma materTrinity College
Kilkenny College
EktefelleAnne Forster, Anne Forster
BarnLucia Berkeley, Henry Berkeley, George Berkeley

George Berkeley (12. mars 168514. januar 1753) var ein angloirsk filosof, kjend for ein ekstrem empirisme. Berkeley var påverka av ideane i opplysingstida. Han høyrde til den britiske empiriske retninga som står i motsetnad til særleg fransk rasjonalisme. Slik kan han knytast til filosofane John Locke og David Hume, som til saman vert kalla dei engelske empiristane.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Berkeley var fødd i Kilkenny i Irland. Han utdanna seg ved Trinity College i Dublin, der han tok mastergrad i 1707 og doktorgrad i 1721. Det var også her han var tilsett fram til han blei domprost i Derry i 1724. Han drog til Rhode Island på Bermuda for å grunnleggja eit universitet der i 1728, men vende tilbake i 1732 ettersom han ikkje fekk fleire pengar frå heimlandet. I 1734 blei han biskop av Cloyne.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Berkeley hevda at me ikkje kan seia noko anna om objekta i verda enn at me sansar dei. Kva som ligg bakanfor sansinga kan me ikkje seia (jamfør Immanuel Kant).

Ein konsekvens er at den ytre verda eigentleg ikkje finst anna enn som sansa, eit syn som leier mot solipsisme. Som døme må eit tre verta sansa av nokon, elles kan det ikkje eksistera. Når Berkeley ikkje gjekk så langt som til solipsisme, kjem det av to ting. For det første må me tru at andre menneske oppfattar omtrent det same som ein sjølv oppfattar av verda. Når ein talar om eit tre, vil semja om korleis det ser ut, plassering osb vera såpass lik at det ikkje gjev god meining å tru at det ikkje er ein sams røyndom bak sanseinntrykka. For det andre, som en fylgje, vil treet då eksistera berre fordi det blir sansa heile tida, uavbrote. Og den som sansar er då Gud, som det for biskop Berkely stod sentralt å prova fanst.

Skrifter[endre | endre wikiteksten]

  • 1709 - An Essay towards a New Theory of Vision
  • 1710 - A Treatise concerning the Principles of Human Knowledge,
  • 1712 - Passive Obedience
  • 1713 - Three Dialogues between Hylas and Philonous

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]