Hopp til innhald

Gerry Marsden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gerry Marsden MBE

Marsden i 2011
Fødd24. september 1942 (82 år)
FødestadToxteth i Liverpool i England
Død3. januar 2021
DødsstadArrowe Park Hospital
FødenamnGerard Marsden
OpphavStorbritannia
Aktiv1959–66 (group)
sidan 1966(solo)
SjangerMerseybeat, rock, pop,
British rock and roll
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarGerry and the Pacemakers
The Crowd (1985)
PlateselskapColumbia (UK)
Laurie Records (US)
Verka somSinger-songwriter,
Television personality
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Gerard Marsden (fødd 24. september 1942) var ein engelsk musikar og TV-personlegdom, mest kjend som leiar i det britiske Merseybeat-bandet Gerry and the Pacemakers.

Marsden vart fødd i Toxteth i Liverpool og fekk tidleg interesse for musikk. Han var med å starte opp Gerry and the Pacemakers i lag med broren og vart det andre bandet som Brian Epstein vart manager for. Den første singelen deira var «How Do You Do It», som vart tilrådd av George Martin etter at songen opphavleg var tilbode The Beatles. Songen gjekk rett til topps på singellista i Storbritannia. Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios og kom ut på EMI sitt Columbia. Marsden sa at innspelinga tok fire eller fem forsøk. Dei to neste singlane til gruppa, «I Like It» og «You'll Never Walk Alone» toppa òg singellista. Andre singlar dei gav ut var «It's Gonna Be Alright», «I'm the One», «Don't Let the Sun Catch You Crying» og «Ferry Cross the Mersey».

I 1965 gifta Gerry seg med Pauline Behan og dei har to døtrer i lag, Yvette og Victoria.[1]

Etter han slutta i The Pacemakers, heldt han ein låg profil på fjernsyn, og deltok i West End-musikalen Charlie Girl i lag med Derek Nimmo og Anna Neagle.

Marsden klarta å nå toppen av salslistene to gonger igjen i 1980-åra med nyinnspelingar av gamle hittar. Begge gongane var innspelingane til veldedige føremål. I 1985 etter stadiontragedien til Bradford City A.F.C. der 56 personar mista livet, danna han gruppa The Crowd, som spelte inn ein ny versjon av «You'll Never Walk Alone». Tre dagar etter Hillsborough-katastrofen der 96 Liverpool F.C.-fans mista livet, kom han saman med Paul McCartney, The Christians, Holly Johnson og produksjonstrioen Stock, Aitken & Waterman for å lage ein ny versjon av «Ferry Cross the Mersey».

I 1993 publiserte Marsden sjølvbiografien sin, I'll Never Walk Alone, som vart skriven i lag me den tidlegare Melody Maker-redaktøren Ray Coleman.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
  • Please Let Them Be/I'm Not Blue (CBS, Mars 1967)
  • Gilbert Green/What Makes Me Love You (CBS, August 1967)
  • Liverpool/Charlie Girl (gjeven ut som Gerry Marsden & Derek Nimmo, CBS, April 1968)
  • In The Year of April/Every Day (NEMS, Nov. 1968)
  • Every Little Minute/In Days of Old (NEMS, May 1969)
  • I've Got My Ukulele/What a Day (Decca, May 1971)
  • Amo Credo / Come Break Bread (Phoenix, April 1972)
  • They Don't Make Days Like That Any More / Can't You Hear the Song? (DJM, August 1974)
  • Your Song / Days I Spent With You (DJM, April 1975)
  • My Home Town / Lovely Lady (DJM, September 1976)
  • The Rose med You Are My Everything (PACE 100, September 1988)
  • Ferry Cross the Mersey (with Paul McCartney, the Christians, Holly Johnson, & Stock Aitken Waterman, 1989)
  • He Ain't Heavy, He's My Brother (som ein del av Justice Collective, 2012)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]