You'll Never Walk Alone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«You'll Never Walk Alone»
Introdusert i musikalen Carousel frå 1945.
Musikk av Richard Rodgers
Tekst av Oscar Hammerstein II
Språk engelsk
Innspelt av Christine Johnson
Judy Garland
Doris Day
Mahalia Jackson
Billy Eckstine
Gerry & The Pacemakers
Perry Como
Roy Hamilton
Frank Sinatra
Barbra Streisand
Patti LaBelle
Bernadette Peters
Louis Armstrong
Elvis Presley
Katherine Jenkins
Ben Stern
The Righteous Brothers
Andy Williams
Johnny Cash
Josh Groban

«You'll Never Walk Alone» er ein musikalsong frå 1945 frå Rodgers and Hammerstein-musikalen Carousel. I andre akt av musikalen syng Nettie Fowler, syskenbarnet til den kvinnelege hovudrolla Julie Jordan, «You'll Never Walk Alone» for å trøyste og oppmuntre Julie etter at ektemannen hennar, Billy Bigelow, den mannlege hovudrolla, har teke livet av seg etter eit mislukka ransforsøk. Songen kjem attende i den siste scenen for å oppmuntre ein avgangsklasse der Louise (dottera til Billy og Julie) går. Den no usynlege Billy, som har fått sjansen til å kome attende til jorda for ein dag for å frelse seg sjølv, ser på seremonien og klarar å motivere den ulukkelege Louise til å bli med på songen.

Songen vert òg sungen av fotballfans for fleire fotballklubbar verda over. Dette har særleg vore ein tradisjon i Liverpool F.C. sidan tidleg i 1960-åra.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Christine Johnson, som skapte rollefiguren Nettie Fowler, introduserte songen i den originale Broadway-produksjonen.[1] Seinare i showet syng Jan Clayton, som Julie Jordan, songen, før koret kjem inn.

I filmen vert han først sungen av Claramae Turner som Nettie. Den gråtande Julie Jordan (Shirley Jones) prøver å syngje songen, men klarar det ikkje. Han vert seinare sungen på ny av Julie og dei som går i klassen hennar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utanom innspelinga av songen på albumet frå musikalen og filmen, har songen blitt spelt av mange anre artistar, mellom anna av Roy Hamilton,[2] Frank Sinatra, Gerry and the Pacemakers, Judy Garland, Elvis Presley, Andy Williams og Doris Day. Den progressive rockegruppa Pink Floyd brukte ei innspeling av Liverpool-fansen som syng songen og nytta han i sin eigen song, «Fearless» i 1971 på albumet Meddle.

Frå 1964 til 2010 avslutta Jerry Lewis den årlege Jerry Lewis Labor Day MDA Telethon med å syngje songen.[3] Etter kvar konsert med rockebandet Queen byrja publikum spontant å syngje songen, i følgje sologitaristen Brian May,[4] og dette var med å inspirere dei til ås krive songane «We Are the Champions» og «We Will Rock You». Den italiensk-amerikanske tenoren Sergio Franchi song ein versjon av songen i lag med Welsh Men's Choir den 9. juni 1968 på The Ed Sullivan Show.[5] Han song òg songen i 1964 på albumet The Exciting Voice of Sergio Franchi. Den amerikanske songaren Barbra Streisand song songen under avslutninga av Emmyprisutdelinga i 2001.[6]

I 1990 under konserten Nelson Mandela: An International Tribute for a Free South Africa ved Wembley Stadium London, braut publikum spontant ut i ein versjo nav songen. Mandela snudde seg mot Adelaide Tambo som stod ved han på scenen og spurte kva song det var. Ho svarte «ein fotballsong».

Renée Fleming song songen under Concert for America, som markerte ettårsmarkeringa for 9. september-åtaket,[7] og under innsetjinga av Barack Obama den 20. januar 2009.[8]

I andre sesongen av American Horror Story vart teksten i songen lese som eit dikt.

Idrettssong[endre | endre wikiteksten]

You'll Never Walk Alone
av Gerry and the Pacemakers
frå albumet How Do You Like It
Utgjeve Oktober 1963
Innspelt 2. juli 1963, EMI Studios, London[9]
Lengd 2:40
Selskap Columbia (EMI) (UK)
Laurie Records (US)
Produsent George Martin
Gerry and the Pacemakers-kronologi
«I Like It»
(1963)
You'll Never Walk Alone «I'm the One»
(1964)


'Shankly Gates'-inngangen ved heimebanen til Liverpool, Anfield

I Storbritannia er den mest suksessrike versjonen av songen frå 1963 med Merseybeat-gruppa Gerry and the Pacemakers frå Liverpool. Denne låg fire veker på toppen av den britiske singellista. Songen vart raskt ein anthem for Liverpool Football Club og vert sungen av supportarane like før kampstart av kvar heimekamp.[10][11]

I følgje den tidlegare spelaren Tommy Smith, presenterte frontmannen Gerry Marsden ei plate med songen til Liverpool-manageren Bill Shankly sommaren 1963. «Shanks likte særs godt det han høyrde. Fotballjournalistar frå den lokale avisa reiste i lag med oss og skreiv om kva som helst sidan det var sommarpause, og sende attende til redaktørane sine at me hadde byrja å bruke Gerry Marsden sin komande singel som klubbsong.»[12] Klubben vart så invitert til å framføre songen med bandet på The Ed Sullivan Show[13] og Shankly valte seinare songen som den åttande og siste songen for si «Aude øy-plate» kvelden før FA Cup-finalen i 1965.[14]

Songen vart seinare òg sungen av fansen til det skotske laget Celtic og vert sungen av fansen før kvar heimekamp i Europacupen.[13][15] Andre som syng songen er fansen til fotballaga Feyenoord, FC Twente og SC Cambuur frå Nederland,[16] Borussia Dortmund, FSV Mainz 05, 1. FC Kaiserslautern, SV Darmstadt 98, Eintracht Braunschweig, Borussia Mönchengladbach, VfL Osnabrück, Alemannia Aachen, FC St Pauli, TSV 1860 Munich i Tyskland,[17] Club Brugge i Belgia, F.C. Tokyo i Japan,[18] CD Lugo i Spania,[19] og Marist St. Pats MSP 80/80 Blues.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Instrumentale versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Norsk[endre | endre wikiteksten]

Kjell Skyllstad har skrive ein norsk tekst, kalla «Du skal aldri ensom gå». Denne vart spelt inn av Adventkoret, dirigert av Bjørn Keyn og med Skyllstad ved flygelet. Songen vart gjeven ut på 78-plata Harmoni 346 i 1957.

Italiensk[endre | endre wikiteksten]

Biri skreiv ein italiensk tekst til songen kalla «Un momento ancora». Denne vart framført av Richard Anthony con orchestra i 1964.

Fransk[endre | endre wikiteksten]

Ein fransk versjon vart skriven av Jean-Claude Annoux og kalla «Rien que toi». Denne er framført av fleire artistar.

Nederlandsk[endre | endre wikiteksten]

Ein nederlandsk versjon vart skriven av Jelle de Vries og kalla «Niet alleen». Denne vart framført av Corry Brokken i 1968. Ein annan nederlandsk versjon vart skriven av Paula Patricio og kalla «Dan sta je nooit alleen». Denne versjonen vart framført av Astrid Nijgh i 1997.

Tysk[endre | endre wikiteksten]

Jules Verard skreiv ein tysk versjon kalla «Allein bist du nie». Denne vart framført av «Howard Carpendale» i 1974, og sidan av Heino.

Ein tysk versjon vart òg spelt inn av Bela B. & The Tikiwolves med Gary'o'wolf.

Tsjekkisk[endre | endre wikiteksten]

Ein tsjekkisk versjon vart skriven av Zdeněk Borovec og kalla «Nikdy Nejdeš Sám». Denne vart først framført av Jiří Popper i 1965 og sidan av Karel Gott i 1975.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «You'll Never Walk Alone (original versjon 1945)». Youtube. Henta 5. desember 2016. 
  2. Gilliland, John (1969). «Show 3 - The Tribal Drum: The rise of rhythm and blues. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  3. «Milestones: Retiring: Jerry Lewis», Time magazine, May 30, 2011, s. 17
  4. Intervju med Tom Browne for BBC Radio One, broadcast Christmas Eve and Boxing Day 1977
  5. DVD is not dated
  6. Streisand's stage fright spiked with thought of terror, By Edna Gundersen, USA Today, 12. desember 2001
  7. VideoYouTube
  8. Gallo, Phil (18. januar 2009). «We Are One: The Obama Inaugural Celebration». Variety. RBI. Henta 5. desember 2016. 
  9. Gerry and the Pacemakers diary
  10. Nik Brumsack. The story of 'You'll Never Walk Alone', independent.co.uk, 14. april 2014.
  11. Liverpool vs. Leeds UnitedYouTube, F.A. Cup Final, BBC, 1965.Paul Coslett, You'll Never Walk Alone BBC Online. 9. juni 2008.
  12. Smith, Tommy. Anfield Iron, Bantam Press, s. 68-69
  13. 13,0 13,1 Hart, Simon (25 October 2013). «Anfield’s 50 years of never walking alone». The Independent. Henta 5. desember 2016. 
  14. Bill Shankly, Desert island Discs BBC, Mon 26. april 1965.
  15. Aldred, Jessica. Liverpool or Celtic: who Walked Alone first? The Guardian. 12. mars 2003.
  16. Whyatt, Chris. McClaren's new charges BBC. 13. august 2008.
  17. Bela B. & The Tikiwolves feat. Gary 'O' Wolf: You'll Never Walk Alone (FC St. Pauli hymn)Discogs (liste over utgjevingar)
  18. Nagatomo tells Japan «You'll never walk alone», The mainichi Daily News. March 2011.
  19. «You´ll never walk alone» in Anxo Carro. Punto Pelota TV Programm


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]