Gevat
Gvat | |||
kibbutz | |||
Inngangen til kibbutz Gvat
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Nord | ||
Kommune | Jezreeldalen | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 28. november 1926 | ||
- Grunnlagd av | Olim frå Pinsk | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Gevat | |||
Wikimedia Commons: Gvat | |||
Gvat eller Gevat (hebraisk גְּבַת) er ein kibbutz nord i Israel nær Migdal HaEmek i Jezreeldalen. Han er ein del av Jezreeldalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 670. Innbyggjarar i Gvat starta Plastro, ein av dei største produsentane av dryppvatningssystem.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Kibbutzen vart grunnlagd den 28. november 1926 av ei gruppe pionerar under den fjerde Aliyah frå Pinsk i Polen, inkludert Haim Gvati, seinare ein minister i den israelske regjeringa. In 1922 danna dei første innbyggjarane ein Kvutza til minne om 35 medlemmar i det jødiske samfunnet i Pinsk som art drepen av den polske hæren den 5. april 1919 under Pinsk-massakren.[1][2][3] Kibbutzen vart kalla opp etter Givta, ein by nær Tzippori i perioden til Det andre tempelet. I 1931 vart det planlta ein skog til minne om offera etter Pinsk-massakren nær Gvat, med støtte frå Jewish National Fund og donasjonar frå det jødiske samfunnet i Pinsk.
Kibbutzen vart grunnlagd den på klassiske sionist-sosialistiske prinsipp og fram til i dag har ikkje staden hatt ei synagoge. Gvat fekk seinare med seg folkf rå Poalei Zion-rørsla frå Pinsk og området rundt, i tillegg til medlemmar av HaHalutz frå Polen og Tyskland.[4]
Etter ein splid i Kibbutzrørsla (hebraisk הקיבוץ המאוחד}}, Hakibbutz HaMeuhad) i 1951, forlet somme medlemmar Gvat og danna i lag med medlemmar av Kvutzat HaSharon kibbutzen Ihud HaSharon - Gvat, som seinare fekk namnet Yif'at[4] i 1952.[5]
Den 6. oktober 1973, under Jom kippúr-krigen, råka sovjetiskproduserte FROG-7-missil sendt opp frå Syria Gvat, truleg med ein nærliggande flyplass som mål.[6] Trass i store skadar på bygningane, var det ingen dødsfall, sidan innbyggjarane hadde sove i bomberom.[7]
Demografi[endre | endre wikiteksten]
I 2006 hadde Gvat eit folketal på 670.[3]
År | Folketal i Gvat |
---|---|
1947 | ~600[2] |
1957 | 604[8] |
2006 | 670 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Gevat» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Wistrich, Robert S.; David Ohana (1995). The Shaping of israelske Identity. Routledge. s. 162. ISBN 0-7146-4641-5. Henta 26. februar 2015.
- ↑ 2,0 2,1 Turai, Abraham (1947). The Emek Jezreel and the Beisandalen. s. 100.
- ↑ 3,0 3,1 «Gvat». The Galilea settlement site. Henta 26. februar 2015. (he)
- ↑ 4,0 4,1 «Communities». Emek Yizrael regionale kommune. Arkivert frå originalen 2013-08-09. Henta 26. februar 2015.
- ↑ Katriel, Tamar (1997). Performing the Past: A Study of israelske busetjingar Museum. ISBN 0-8058-1658-5. Henta 26. februar 2015.[daud lenkje]
- ↑ Netanel Lorch One Long War: arabarar Versus Jew Since 1920, Herzl Press, 1976, s.192
- ↑ Middleton, Drew (1983). Crossroads of Modern Warfare. Doubleday. s. 285. ISBN 0-385-14937-9.
- ↑ Roth, Cecil (1958). The Standard Jewish Encyclopedia. Massadah Pub. Co.