Gezer kibbutz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gezer
kibbutz
Land  Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°52′31.07″N 34°55′17.03″E / 31.8752972°N 34.9213972°E / 31.8752972; 34.9213972
Folketal 273 (2015)
Grunnlagd 1945
 - Grunnlagd av Europeiske immigrantar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Gezer kibbutz
31°52′31″N 34°55′17″E / 31.875277777778°N 34.921388888889°E / 31.875277777778; 34.921388888889
Wikimedia Commons: Gezer (kibbutz)

Gezer (hebraisk skrift גֶּזֶר) er ein kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah mellom Modi'in, Ramle og Rehovot og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 353.

Kibbutzen vart grunnlagd i 1945 på landområde kjøpt av Ancient Order of Maccabeans i England,[1], ein filantropisk samskipnad skipa i 1896.[2] Pionerane var immigrantar frå Europa, som kalla opp kibbutzen etter den bibelske Tel Gezer (Josva 21:21), som ligg i nærleiken.[3]

Den 10. juni 1948, dagen etter brigadane Yiftah og Harel prøvde å ta Latrun, gjekk den arabiske legionen med hjelp av irregulære soldatar og eit dusin pansra køyretøy til åtak på kibbutzen. Han vart forsvart av 68 Haganah-soldatar. Etter ein fire timar lang kamp, fall kibbutzen. 39 forsvarar vart drepen, eit dusin rømde og dei gjenverande vart tekne til fange. To arabiske legionærar vart drepne. Om kvelden vart kibbutzen teken attende av to Palmach-troppar.[4]

Etter krigen vart landsbyen bygd opp att, men gjekk frå kvarandre i 1964 på grunn av sosiale vanskar. Den noverande kibbutzen vart grunnlagd den 4. juli 1974, av ein Gar'in frå Nord-Amerika. Kibbutz Gezer Field er ein av få baseball-banar i Israel.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Encyclopedia Judaica, Volume 7, Gezer, s.536.
  2. Order of Ancient Maccabeans
  3. 3,0 3,1 Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 108. ISBN 965-7184-34-7.  (he)
  4. Benny Morris, 1948, (2008), s.229-230.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]