Kfar Bin Nun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°51′41.03″N 34°57′11.52″E
Kfar Bin Nun
moshav
Set 007.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Ayalondalen
Distrikt Sentral
Kommune Gezer
Koordinatar 31°51′41.03″N 34°57′11.52″E
Grunnlagd 1952
 - Grunnlagd av Jordbruksunionen
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kfar Bin Nun

Kfar Bin Nun (hebraisk skrift כְּפַר בִּן-נוּן, tyder 'søner av landsbyen Nun') er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg i Ayalondalen og høyrer til Gezer regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 473.

Moshaven vart grunnlagd i 1952 av Jordbruksunionen nær den avfolka palestinsk-arabiske landsbyen al-Qubayba. Han vart opphavleg kalla Mishmar Ayalon Bet sidan han låg ved avkøyrsla til den eksisterande Mishmar Ayalon, som vart grunnlagd to år tidlegare. Han fekk seinare namnet[1] Kfar Bin Nun etter Operasjon Bin Nun, som igjen vart kalla opp etter det andre namnet til Josva (1:1), som kjempa her i Ayalondalen (Josva 10:12). På to forsøk klarte ikkje Det israelske forsvaret å erobre Latrun under den arabisk-israelske krigen i 1948.

Fram til seksdagarskrigen i 1967 vart han klassifisert som ein grensebusetnad, som tydde at han fekk økonomisk kompensasjon for åtak han leid på grunn av plasseringa nær den jordanske grensa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.259, ISBN 965-220-186-3 (English), Yizhaqi, Arie (ed.): Madrich Israel (Israel Guide: An Encyclopedia for the Study of the Land), Vol.9: Judea, Jerusalem 1980, Keter Press, s.383 (hebraisk), Bitan, Hanna: 1948-1998: Fifty Years of 'Hityashvut': Atlas of Names of Settlements in Israel, Jerusalem 1999, Carta, s.32, ISBN 965-220-423-4 (hebraisk)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]