Giovanni Domenico Cassini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Giovanni Domenico Cassini
Giovanni Cassini.jpg
Fødd 8. juni 1625(1625-06-08)
Perinaldo i republikken Genova
Død 14. september 1712 (87 år)
Paris i Frankrike
Bustad Italia
Frankrike
Nasjonalitet Italiensk (1625-1673)
Fransk (1673-1712)
Område Matematikk, astronomi, ingeniørvitskap og astrologi
Yrke selenographer, geodesist, matematikar, astronom, ingeniør
Institusjonar Universitetet i Bologna
Alma mater Jesuitskulen i Genova
Kjend for Cassini-inndelinga, Cassini-lovene, Cassini-ovalen
Barn Jacques Cassini
Medlem Royal Society
Det franske vitskapsakademiet

Giovanni Domenico Cassini (8. juni 162514. september 1712) var ein italiensk-fransk matematikar, astronom, ingeniør og astrolog.

Han var professor i Bologna i 1650, og vart av Colbert i 1669 kalla til sjef for det nyoppretta observatoriet i Paris. Han fann rotasjonstida for Jupiter, Mars og Venus, oppdaga fire av månane til Saturn, samt mellomrommet i ringane til Satun, kalla Cassini-delinga. Han sette òg opp dei første tabellane over formørkingane av månane til Jupiter og skildra problemet om librasjonen til månen. Han leia dessutan geodetiske målingar, som skulle ligge til grunn for arbeid med kart og for å finne forma til jorda. Sonen hans, Jacques Cassini (1677–1756), som etterfølgd faren som direktør, vidiareførte kartarbeida til faren, og fann opp Cassini-projeksjonen, som mellom anna vart brukt for norske rektangelkart.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]