Knut Alvsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Knut Alvsson
Fødd1455
Noreg
Død18. august 1502
Oslo
Alle titlarriddar
Hus eller slektTre Rosor
LandNoreg
MorMagnhild Oddsdatter
FarAlv Knutsson
EktefelleMette Dyre
BarnKarl Knutsson, Erik Knutsson, Bodil Knutsdatter

Knut Alvsson (145518. august 1502) var ein norsk riddar, kjend som føraren for den siste store nasjonale reisninga mot daneveldet før reformasjonen vart innført.

Herr Knut sat med store gods rundt på Austlandet. Han var ætling av kong Håkon V Magnusson, men var òg av svensk slekt. Soleis kunne han snøgt finne stønad og slekt i Sverige om det skulle røyne på for han. Far hans var den svenskfødde Alv Knutsson, av Giskeætta.

Drapet på Lasse Skjold[endre | endre wikiteksten]

Soga om Knut byrjar for alvor i 1497, då futen Lasse Skjold vart drepen på Romerike. Skriftene fortel av Lasse var under Knuts formyndarskap. Knut rådde no for Akershus len, der Lasse Skjold dreiv inn skattar. I 1498 sende bøndene i Akershus klagemål mot Lasse for vørdslaus framferd og urettvis innkrevjing. Bøndene var i ei vand stode på denne tida, og laut vente på svar frå kong Hans. Brevet skulle og klårgjera grunnen til at Lasse vart teken året før.

Bøndene valde å halde ting alt i 1497, slik at oppgjeret skulde skje etter gamal norrøn hevd. Til dette tinget møtte det bønder frå heile Austlandet. Knut møtte opp i lag med biskopen i Oslo og andre høgborne menn. Bøndene bad no Knut om å «halde dei ved Noregs lov», noko Knut samtykte i.

Lasse vart drepen av ein Engelbrekt Gunnarsson, og bøndene i Nes på Romerike og Ullensaker støtta opp om drapet. Dette kom fram i eit brev som var stila til Knut, som laut ta saka på vegner av bøndene. Knut svara at han ikkje heilt ville tru på dette, av di han meinte det var rettvist at drapsmannen åleine skulle bera skulda. Knut drøfta saka med riksrådane i Oslo, og saman kom dei til at allmugen skulle søke om grid for dei samansvorne. Knut freista å gjera saka til ei vanleg drapssak, og lyt ha kjensla av at ei bondereising var på veg. Lars Hamre meiner at Knut og freista vinne tid, og bad motmannen sin Henrik Krummedike, om hjelp på vårparten 1498. No var det alt stor oppreist mellom bøndene sønnafjells, og Knut bad Henrik om hjelp til å stogge dette. Henrik svara ikkje vidare på det. Dette var rekna som Knuts sak.

Rettssaka[endre | endre wikiteksten]

I desember 1498 kom det til rettssak om drapet. Denne vart halden med Riksrådet til stades, og Danmark var og representert ved Henrik Krummedike og Kanselliskrivaren Jens Anderssøn, eller Jens Beldenak, biskopen i Odense. Domarane var lagmennene i Oslo, Tunsberg, Skien og Vika. Tingingane gjekk føre seg i nærvær av Riksrådet. Knut Alvsson stod som klagar i saka, og mot han stod ni mann som møtte for allmugen i Akershus. Klagemålet gjekk på drapet, som allmugen svara dei var storleg nøydde til. Lagmennene dømde bøndene til rettarbot for Lasse, og bota skulle gå til ettermålsmannen, som var herr Knut. Drapet var rekna som eit botamål etter gamal skikk, altså eit skadeverk. Så vart det sak mot dei som hadde samla bøndene mot styresmakta, og mot dei som hadde samla til tingmøte. Dei vart dømde til utlægd, og for brot på landefreden. Bøndene bad om nåde då domen vart lesen opp, og lova bot og betring. Dei laut så lova å aldri meir samle seg mot styresmakta. Det er truleg Henrik Krummedike som sette opp desse vilkåra. Med dette er det og truleg at Knut Alvsson kjende seg underlegen Henrik, og med det kom det til splitting mellom dei. Bøtene gjorde det i alle høve vanskeleg for bøndene i 1499 og i 1500.

Politisk oppreist[endre | endre wikiteksten]

Kring 1500 kom det til uro i Noreg att. På denne tida hadde kong Hans tapt i eit hærtog mot Ditmarsken, og sleit med å halde kontrollen over Kalmarunionen. Den danske hæren vart meir eller mindre slakta ned der, og dette fekk politiske følgjer både i Noreg og Sverige. I Sverige var dette nok til at folk samla seg kring Sten Sture den eldre, som lenge hadde vore misnøgd med unionstilhøva. Han førte opprøret i Sverige i lag med Svante Nilsson. Knut Alvsson hadde vore i Sverige frå vinteren til 1499, og kom ikkje attende til Noreg før i 1500. Det er hevda han reiste til Sverige for å finne politisk støtte etter nederlaget i Skjold-rettssaka. Kong Hans hadde no sett føre seg herr Henrik som sin mann i Noreg, og dette tolde ikkje Knut. At han so støtta opp om Sture-reisninga, er ikkje underleg.

Kong Hans bad Henrik Krummedike om å halde auge med Knut Alvsson, og har vel soleis hatt ei kjensle av at Knut ikkje var påliteleg lenger. Mykje tyder på at Knut dreiv med planlegging av eit og anna alt i 1499, og det gjekk fråsegner om agitasjon i den norske allmugen. I oktober 1500 var Knut på Hedmarka, og i november i Borgarsyssel. Ikkje lenge etter var han i Oslo, og her ønskte han å syne at han ætta frå Håkon V Magnusson. Han gjorde dette ved å gje store gåver til Mariakyrkja i Oslo, der Håkon var gravlagt. Dette var rekna som eit politisk trekk, for å styrke stillinga i Noreg. Samstundes kalla han seg «riddar i Giske», for å styrke banda til andre norske hovdingætter. Så reiste han til Sverige att.

Sture-opprøret tok til for alvor sommaren 1501. Knut Alvsson gjorde eidar om samband med Sten Sture og Svante Nilsson, for saman å drive kong Hans frå Sverige. Som takk fekk Knut råderett over grenseområda mot Noreg, mellom dei Värmland. Oppseiingsbrevet av traktaten med kongen vart send i august, og det kom til open strid. På denne tida kom det fram at Knut no kravde at alle danske futar i Noreg skulle reise heim. Dette var eit signal til den norske allmugen.

Hausten 1501 vart riksrådane i Bergen urolege. Knut åtte og store gods på Voss, og hadde mykje å seia på Vestlandet. Det var soleis og uro i Vestlandsbygdene. Det var alt frykta for oppreist på Sunnmøre, på Voss, elles i Hordaland, og i Sogn. Samstundes samla Knut ein hær i Sverige for å hjelpe oppreisten austafjells.

Vinteren 1502 kom det til militære trefningar. Henrik Krummedike var kongens mann, og fekk direkte bod frå kong Hans. Henrik hadde mellom anna bod om å konfiskere eigedomane til herr Knut. Det norske riksrådet var passivt i båe leier, og stødde korkje Knut eller Hans. Kongen kravde svar frå Riksrådet, som melde at Knut var rekna som landrådemann etter Magnus Lagabøters landslov, som framleis galdt på denne tida.

Knut gjekk til åtak på festningane sønnafjells, Båhus, Akershus og Tunsberghus. Dei to siste fekk han hand om i mars. Etter dette stod striden om kontroll med festningane, og det var ikkje lett å drive ut Knuts menn frå Akershus festning. Henrik Krummedike sat i Båhus, og der var kampane heller stride. Det var ikkje like lett å få fotfeste på Vestlandet. Knut bad hansaen om hjelp, utan hell. Bøndene kring Bergen tok kongsgarden utan motstand, og bøndene stødde opp om Knut. Dette vara likevel ikkje lenge.

Våren 1502 låg mykje til rette for Knut Alvsson i Noreg. Kong Hans var sett ut av spelet som styresmakt, og riksrådet vakla mot Knut dei med. Erkebiskopen i Nidaros venta på utfallet, er det sagt. Kong hans sende no sonen sin, Hertug Christjern (Christian II), til lands med nye troppar. Hans første slag stod om festninga i Båhus, som framleis var omlægra. Christjern braut omlægringa av Båhus og vann den svenske borga Elvsborg. Verbroren hans Knut, Erik Eriksson, som hadde vore høvedsmann på Elvsborg, vart drepen av arge svenske bønder som mistenkte han for svik.

Sidan vende Christjern seg mot Vika for å vinne at Tunsberg og Oslo. Dette gjekk ikkje like godt. Etter Elvsborg reiste Knut til Austlandet att, og var her i august. Då var Akershus omlægra, og Knut freista å tinge med Henrik Krummedike.

Drapet på Knut Alvsson[endre | endre wikiteksten]

Den 11. august 1502 la Knut fram forslag om tinging med Henrik Krummedike, og det vart semje om at partane skulle møtast den 12. august. Knut hadde då fått fritt leide. Møtet vart av uviss grunn utsett til 18. august. Knut vart hoggen ned, ifylgje seinare kjelder ombord på Krummedike sitt skip. Opprøret la seg ikkje lenge etter.

Saka mot herr Knut[endre | endre wikiteksten]

Det er stor historisk semje om at saka som vart halden i Oslo 26. august 1502 var politisk styrt, og at utfallet var til fordel for den danske styresmakta. Henrik hadde brote regelen om fritt leide, og seinare forsking finn mange svake punkt i rettssaka mot Knut, der han vart stempla som svikar mot kongen. Mange av tingmennene i saka var danske, og hadde gode grunnar til å finne at det var Knut som hadde brote inngåtte avtaler. Knut vart kjend skuldig etter norsk lov, noko det seinare har vore stor tvil om. Dei som drap Knut vart frifunne, sjølv om desse påviseleg og hadde brote leidelova. Sjølve saka vitnar om kor svakt norsk hevd og rett stod i åra etter 1500.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Knut Alvsson fekk mykje åtgaum under den norske nasjonalromantikken på 1800-talet, og vart mint mellom andre av Henrik Ibsen. Det er likevel noko tvil om kor store visjonar Knut har hatt, og om han verkeleg ville fridom for Noreg, eller berre oppreist for si eiga sak. At kampen hadde ei personleg side, er det liten tvil om. Likevel står Knuts forsøk att som den siste store politiske styrkeprøva om norsk sjølvstende før reformasjonen vart innført i 1536.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]