Gjengroing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gjengroing av kulturlandskap, her ein gammal setervoll i Hedrum i Larvik kommune, i skogen mellom Lågendalen og Andebu. Dette var ein såkalla skogsseter. Tidlegare heldt beiting og slått skogen borte. No er skogen i ferd med å gjera den tidlegare opne setervollen usynleg. Seterhuset blei brukt av budeia og blir no brukt som fritidsbustad.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen
Gjengroing av kulturlandskap.

Gjengroing eller attgroing er ein prosess der tidlegare ope landskap byrjar å dekkast av skog. Slik gjengroing kan skje som følgjer av endringar i bruken av landskapet, medviten treplanting eller klimaendringar.[1] Gjengroinga kan vera velkomen eller uønskt i ulike samanhengar.

Gjengroing er ein naturleg biologisk prosess for kulturlandskap der buskar, tre og kratt kan veksa når menneskeleg aktivitet på staden går tilbake. Dersom desse vekstane ikkje blir hindra frå å veksa gjennom jordbearbeiding, slått eller beite vil den opphavlege vegetasjonen sakte, men sikkert koma tilbake.

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Gjengroing kan følgja ei tid med avskoging dersom tilhøva ligg til rette for det. Ein kraftig nedgang i busetnad ein stad kan til dømes føra til gjengroing. Dette kan til dømes skje som følgje av øydeleggjande epidemiar. I Noreg auka til dømes gjengroinga i fjellet etter at Svartedauden hadde halvert folkesetnaden i landet.[2] I Amerika gjekk folkesetnaden kraftig tilbake etter at den europeiske koloniseringa tok til, særleg på grunn av ei rekkje innførte sjukdommar som førte til epidemiar. Eit studie rekna med at 56 millionar hektar dyrka mark blei forlate og deretter gjekk gjennom gjengroing.[3] Evakuering av området rundt Tsjernobyl etter Tsjernobyl-ulukka er eit anna døme på fråflytting som har ført til gjengroing.[4] På mindre dramatisk vis kan endringar i jordbruket, som det at ein har gått bort frå seterdrift i Noreg, føra til mindre beiting og hogst visse stader.[2]

Endringar i klima, som varmare temperaturar, kan føra til lengre vekstsesongar med meir tilvekst,[5] og at skoggrensa flyttar seg oppover i fjellet og gjev gjengroing.[2]

Gjengroing kan også vera ein vilja prosess fordi ein ønsker skog som ressurs,[6] miljøvern eller klimatiltak.[7] Ein kan forlata rydda eller degradert land og la skogen ta det tilbake, eller aktivt planta tre og eventuelt driva skogbruk eller skogsjordbruk.[8]

Følgjer[endre | endre wikiteksten]

Auka skogdekke kan binda karbondioksid, og kan dermed verka mot global oppvarming. Skog kan også halda på vatn og motverka flaum.[9] Men meir skog kan også gje auka fare for skogbrann.[10]

Gjengroing er ofte knytt til tap av visse typar naturlandskap, og kan dermed truga det biologiske mangfaldet ein finn i desse habitata.[11] På den andre sida kan også skogen representera eit artsrikt habitat som er positivt for mangfaldet.[7]

Kvalitetar som utsikt, tilgang[12] og kulturminne kan òg trugast av gjengroing.[11]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Costa Rica[endre | endre wikiteksten]

Kart over Costa Rica i 2019 med den mest urørte skogen (10) markert med grønt og den mest råka markert med 0.

På 1940-talet var meir enn 75 % av Costa Rica dekt av skog, hovudsakleg tropisk regnskog. Dei neste tiåra førte storstrekt, ukontrollert skoghogst til kraftig avskoging. I 1983 var berre 26 % dekt av skog. Styresmaktene sette i verk drastiske tiltak for å snu utviklinga, og klarte dobla skogdekket i løpet av 30 år.[13] I 2019 hadde litt over halvparten av landet skogdekke.

Costa Rica har peikt seg ut som ein leiar innan miljøvern og berekraft. Landet har som mål å vera fritt for fossile brennstoff innan 2050. Gjengroing bind karbondiksid og aukar biologisk mangfald i landet. Landet har også satsa på økoturisme og betaling for økosystemtenester, til dømes til landeigarar som bidreg til gjengroing.[14]

Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det norske kulturlandskapet har gått gjennom ein gjengroingsprosess som tok til på byrjinga av 1900-talet. Dette var lenge ein ønska prosess som ein hjelpte gjennom skogplanting. På 1800-talet var Noreg nedbeita. Det budde mange fattige folk på landsbygda, og mange ønska å halda husdyr. Intensiv bruk av både innmark og utmark var resultatet. Tida etter andre verdskrigen, med aukande urbanisering og flukt frå jordbruket, skapte eit vendepunkt. Sidan 1970-talet har ein rekna gjengroing som eit problem, og i seinare tiåra har ein rekna problemet som aukande i Noreg.[15]

På slutten av 1900-talet hadde det funne stad gjengroing på stadig større område. Årsakene ligg i djupe strukturendringar i norsk landbruk.[16] Landbruket er blitt meir og meir konsentrert om dei mest produktive areala. Husdyra beitar mykje mindre på utmarksareal enn for 100 år sidan, slåttemark på natureng blir mykje mindre brukt, setring blir nesten ikkje drive lenger,[17] og småbruk er ikkje lenger drivverdige slik at også gammal innmark gror igjen mange stader.

Konsekvensar av gjengroing kan vera at artsrike biotopar som natureng og lynghei forsvinn. Gjengroing svekkar dermed evna i samfunnet til å ta vare på noko av artsmangfaldet i naturen.[18] Gjengroing kan også føra til tap av utsyn, noko som til dømes kan vera eit problem for norsk reiseliv.[19] Det er blitt gjeve ein del bidrag til bønder for å halda ved like mindre lønsam jordbruksjord gjennom prosjektet «Utvalgte kulturlandskap i jordbruket».[20]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gjengroing - Riksantikvaren (på norsk bokmål), 2020-04-08CEST12:41:37+02:00, henta 10. september 2021 
  2. 2,0 2,1 2,2 Amundsen, Bård (5. mai 2016), «Norges fjellandskap er dramatisk forandret», forskning.no (på norsk bokmål), henta 14. september 2021 
  3. «Earth system impacts of the European arrival and Great Dying in the Americas after 1492». Quaternary Science Reviews (på engelsk) 207: 13–36. 1. mars 2019. ISSN 0277-3791. doi:10.1016/j.quascirev.2018.12.004. 
  4. Matsala, Maksym; Bilous, Andrii; Myroniuk, Viktor; Holiaka, Dmytrii; Schepaschenko, Dmitry; See, Linda; Kraxner, Florian (2021-08). «The Return of Nature to the Chernobyl Exclusion Zone: Increases in Forest Cover of 1.5 Times Since the 1986 Disaster». Forests (på engelsk) 12 (8): 1024. doi:10.3390/f12081024. 
  5. Gjengroing - Riksantikvaren (på norsk bokmål), 2020-04-08CEST12:41:37+02:00, henta 15. september 2021 
  6. «Gjengroing av landskapet - Kildenett», www.kildenett.no, arkivert frå originalen 22. juni 2021, henta 14. september 2021 
  7. 7,0 7,1 «10 golden rules for restoring forests | Kew», www.kew.org (på engelsk), henta 14. september 2021 
  8. Lewis, Simon L.; Wheeler, Charlotte E.; Mitchard, Edward T. A.; Koch, Alexander (2019-04). «Restoring natural forests is the best way to remove atmospheric carbon». Nature (på engelsk) 568 (7750): 25–28. doi:10.1038/d41586-019-01026-8. 
  9. Journalist, Arnfinn Christensen (3. juli 2012), «Tilbake til unaturen», forskning.no (på norsk bokmål), henta 14. september 2021 
  10. «New World devastation», Harvard Gazette (på engelsk), 28. januar 2016, henta 14. september 2021 
  11. 11,0 11,1 Journalist, Arnfinn Christensen (3. juli 2012), «Tilbake til unaturen», forskning.no (på norsk bokmål), henta 14. september 2021 
  12. Peter Emil Kaland; Mons Kvamme (2013). Kystlyngheiene i Norge. Miljodirektoratet. s. 31. 
  13. «Costa Rica has doubled its tropical rainforests in just a few decades. Here's how». World Economic Forum (på engelsk). Henta 6. mai 2020. 
  14. Steffen, Andrea D. (4 June 2019). «Costa Rica Doubled Its Forest Cover In Just 30 Years!». Intelligent Living. Henta 18 June 2019. 
  15. «Cultour - et forskningsprosjekt om reiseliv, kulturminner og gjengroing. Sluttrapport og konferanserapport fra NFR-prosjektet Cultour; Cultural landscapes of tourism and hospitality». Arkivert frå originalen 5. desember 2014. Henta 27. november 2014. 
  16. Bryn og Flø: Gjengroing i kulturlandskapet. s. 30
  17. sivheimdal (4. juli 2020), «Gjengroing av utmarka er et miljøproblem», Norsk Landbrukssamvirke (på norsk bokmål), henta 10. september 2021 
  18. «Slåttemark», Miljøstatus (på norsk bokmål), henta 10. september 2021 
  19. Anders Bryn; Misganu Debella-Gilo. «Gjengroing i reiselivets landskap» (PDF) (på norsk). skog+landskap. Henta 10. september 2021. 
  20. Johnsen, Niklas Aune (21. august 2018), «Har løsningen for å hindre gjengroing av matjord - men kun noen få gårder får støtte», NRK (på norsk bokmål), henta 15. september 2021