Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°3′38.930″N 5°58′2.2548″E

Gjermundshavn fergekai
Foto: Tore Sætre
Årsnes fergekai
Foto: Tore Sætre
MF «Bjørnefjord» legg til ved ferjekaia på Løfallstrand i 1975.
Foto: Harald Sætre
MF «Hordaland» på vei frå Årsnes til Gjermundshavn.
Foto: Tore Sætre


Gjermundshamn-Varaldsøy-Årsnes er eit ferjesamband langs fylkesveg 48 over Hardangerfjorden i Kvinnherad kommune. Strekninga vert i dag driven av Norled med ferjene MF «Hordaland» og MF «Vikingen». Overfarten frå Gjermundshamn til Årsnes tar 20 minutt direkte og 40 minutt med anløp på Varaldsøy. Strekninga Gjermundshamn–Varaldsøy tar 15 minuttar, og strekninga Varaldsøy–Årsnes 25 minuttar.

Gjermundshamn og Årsnes har opptil 29 daglege avgangar, medan Varaldsøy har opptil ni daglege anløp.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ferjestrekninga vart starta i 1938 med stopp på Løfallstrand, Gjermundshamn, Varaldsøy, Mundheim og Omastrand. Vegutbygginga på vestsida av Hardangerfjorden gjorde at Omastrand vart kutta som ferjestopp i 1950. I 1955 passerte talet på førte bilar Mundheim-Løfallstrand for første gong 1000 i juni, juli og august. I rutetabellen frå 1963 kan ein sjå at MF «Huglo» gjorde stopp i Rosendal ein dag i veka, for å korrespondere med MS «Hardangerfjord» som gjekk i Oddaruta.

I oktober 1963 opna vegsasmbandet mellom Mundheim og Gjermundshamn, og Mundheim vart lagt ned som ferjestopp. Overfartstida vart med det kraftig korta ned.

Fram til 1. juli 2010 gjekk ferjene til Løfallstrand i staden for til Årsnes. Denne ferjekaia låg lenger ute i Hardangerfjorden, cirka 5 minutt med køyring frå Årsnes.

Overfarten frå Gjermundshamn til Løfallstrand tok om lag 25 minutt direkte og 45 minutt via Varaldsøy. Strekninga Varaldsøy - Løfallstrand tok 30 minutt. Gjermundshamn og Løfallstrand hadde før omlegginga opp til 23 daglege avgangar.

Ferjer[endre | endre wikiteksten]

Følgjande oversikt viser ferjer som har trafikkert strekninga. Enkelte ferjer har vore i bruk på denne strekninga berre på delar av året, hovudsakleg som ekstraferje om sommaren.

Før 1956: Mellom anna MK «Kinsarvik» og MS «Talaria»

Kilder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]