Gråjako

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gråjako
Gråjako
Gråjako
Gråjako
Gråjako
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av Gråjako
Utbreiinga av Gråjako
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Psittacinae
Slekt: Jakoar Psittacus
Art: Gråjako P. erithacus
Vitskapleg namn
Psittacus erithacus

Gråjako (Psittacus erithacus), også kjent som jakopapegøye, er ein medlem av papegøyefamilien Psittacidae. Han lever innanfor eit område i Afrika frå den austlege delen av Elfenbeinskysten til vestlegaste Kenya. Arten er ein vanleg burfugl i mellom anna Noreg.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

I 1758 skildra av den svenske naturforskaren Carl von Linné arten, plasserte han saman med alle andre papegøyar i slekta Psittacus og reserverte det binomiale namnet Psittacus erithacus til jakoen.[1] Slektsnamnet er latin for «papegøye». Det spesifikke epitetet erithacus er latin og er avleidd frå det antikke greske εριθακος (erithakos) for ein ukjend fugl som etter soga var i stand til å etterlikne menneskelege lydar.[2] Arten er monotypisk, ingen underartar er godtekne.[3]

Sotjako (Psittacus timneh) vart tidlegare handsama som ein underart av gråjako, men blir no rekna for å vere ein eigen art basert hovudsakleg på resultata frå ein genetisk og morfologisk studie publisert i 2007.[4] Sjølv om Linné plasserte alle papegøyane han kjende til i slekta Psittacus, er det no berre gråjako og sotjako som er tilordna denne slekta. Desse to artane er saman med Poicephalus dei einaste i «den gamle verda» som er medlemmar av den elles neotropiske papegøyefamilien.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråjako er ein middels stor, hovudsakleg grå papegøye med svart nebb. Kroppsvekta ligg i området 400-490 gram, kroppen har omtrentleg lengd på 33 cm. Den grå farga på hovudet og vengene er generelt mørkare enn kroppen. Fjører på hovudet og kroppen har tynne, kvite frynsar slik at dei liknar skjel. Halefjørene er raude.[5][6]

På grunn av utval gjort av papegøyeoppdrettarar er nokre gråjakoar delvis eller heilt raude.[7] Begge kjønn verkar like. Fargen på ungfuglar er som hos vaksne, men auga deira er typisk mørkegrå til svarte, samanlikna med dei gule irisane rundt mørke pupillar til dei vaksne fuglane, og underhaledekkarane deira er gråtona.

Gråjakoar kan leve i 40–60 år i fangenskap, sjølv om gjennomsnittlege levetid i naturen ser ut til å vere kortare - omtrent 23 år. Dei byrjar å hekke i ein alder av 3–5 år og legg mest vanleg 2 eller 3 egg og opptil 5 egg per kull.[5][6]

Utbreiing, habitat og føde[endre | endre wikiteksten]

Gråjako
Foto: Lucy Keith-Diagne

Gråjako høyrer heime i Afrika, inkludert Elfenbeinskysten i vest mot aust over mellom anna Nigeria, Kamerun, Gabon, Kongo-Brazzaville, Kongo-Kinshasa, Angola, Uganda og i vestlegaste Kenya.[5]

Gjeldande estimat for den globale populasjonen er usikre og varierer frå 630 000 til 13 millionar individ. Populasjonen minkar over heile verda. Arten ser ut til å favorisere tett låglandsskog, men kan også finnast i skogkantar og i meir opne vegetasjonstypar, som galleri- og savanneskogar.[8]

Føda til gråjakoar består av frukt, nøtter og frø, inkludert oljepalmefrukt. Nokre gonger et dei også blomstrar og trebork, og dessutan insekt og sniglar. I naturen vil gråjakoen delvis finne føda på bakken.[7]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Gråjakoar dannar livslange monogame par som hekkar i hòle tre. Kvart papegøyepar treng sitt eige tre til reiret sitt. Hoa rugar i opptil 30 dagar medan ho blir mata av partnaren. Ungane forlèt reiret i ein alder av 12 veker. Etter perioden i reiret krev ungane fôring og omsut frå foreldra i inntil 4–5 veker etter at dei er ute av reiret.[6]

Vern[endre | endre wikiteksten]

Naturlige predatorar for denne arten inkluderer palmegribb og andre rovfuglar. Aper tar egg og ungar til føde.

Menneske gjer ut for det klart største trugsmålet mot ville populasjonar. Mellom 1994 og 2003 vart meir enn 359 000 gråjakoar omsette på den internasjonale marknaden. Omtrent 21 % av den ville bestanden vart hausta kvart år. Dødelegheita er ekstremt høg frå det tidspunktet dei blir fanga til dei når marknaden, og varierer frå 60 til 66 %. Denne arten blir også jakta på grunn av kjøttet og kroppsdelane, som blir brukte i tradisjonell medisin. Som eit resultat av den omfattande haustinga av ville fuglar, i tillegg til tap av habitat, blir denne arten anteken å gå gjennom ein rask tilbakegang i naturen og har derfor klassifisert som sterkt truga (EN) av Verdas naturvernunion, IUCN, basert på vurderingar av BirdLife International.[8]

I oktober 2016 utvida Convention on International Trade of Endangered Species (CITES) det høgaste vernenivået til gråjakoar ved å liste arten under vedlegg 1, som regulerer internasjonal handel med arten.[9]

I 2021 heldt den kenyanske regjeringa ein kort amnesti, der eigarar av gråjako kunne betale eit gebyr for å få løyve for fuglane sine og leita lovleg eigarskap. Etter utløpet av denne tidsperioden er det no ulovleg å eige denne arten utan løyve.[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Linnaeus, Carl (1758). Systema Naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis (på latin) 1 (10. utg.). Holmiae (Stockholm): Laurentii Salvii. s. 99. 
  2. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 332, 149. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. 3,0 3,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023. 
  4. Melo, Martim; O'ryan, Colleen (2007). «Genetic differentiation between Príncipe Island and mainland populations of the grey parrot (Psittacus erithacus), and implications for conservation». Molecular Ecology 16 (8): 1673–1685. PMID 17402982. doi:10.1111/j.1365-294X.2006.03128.x. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Kirwan, G. M., C. J. Sharpe, N. Moura, and P. F. D. Boesman (2023). Gray Parrot (Psittacus erithacus), version 1.2. I Birds of the World (G. M. Kirwan, P. G. Rodewald, B. K. Keeney og S. M. Billerman, red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
  6. 6,0 6,1 6,2 «Psittacus erithacus (grey parrot)». Animal Diversity Web. Henta 6. desember 2023. 
  7. 7,0 7,1 «African gray parrot bird». Encyclopædia Britannica. Henta 6. desember 2023. 
  8. 8,0 8,1 «Species factsheet: Psittacus erithacus». BirdLife International. 2023. Henta 6. desember 2023. 
  9. Wildlife Conservation Society (1 October 2016). «CITES Parties Extend Protections to the African Grey Parrot». National Geographic. Arkivert frå originalen 3 October 2016. Henta 6. desember 2023. 
  10. Chebet, Caroline. «You will have to pay Sh12,000 to own a parrot in Kenya». The Standard. Henta 6. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gråjako