Grønvier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grønvier


Salix phylicifolia I9677 Kiiltopaju C.JPG

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Malpghiales
Familie: Salicaeae
Slekt: Salix
Art: S. phylicifolia
Vitskapleg namn
Salix phylicifolia

Grønvier (Salix phylicifolia) er ein busk i pilfamilien. Han blir nytta som hageplante, mellom anna til hekk.

Han er brukt som matplante av nordamerikanske urfolk. Dei kan eta nyplukka skot råe eller tørka dei og eta dei med selolje, i supper eller som te. Rein og moskusfe beiter også på grønvier.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grønvier kan bli mellom ein og fire meter høg. Han har stive blad med få tenner. Blada er blankt grøne på oversida, bleikt blågrøne på undersida.

Foto: Anneli Salo

Planten får grålodne raklar. Han blomstrar gjerne i mai og juni, avhengig av høgda over havet.

Variantar og hybridar[endre | endre wikiteksten]

Grønvier dannar lett hybridar med nærskylde planter.

Grønvier (Brekkavier)
Norske dialektnamn
Islandsk vier, islandsk selje
Namn på andre språk
Svensk Grönvide
Dansk Tofarvet Pil
Engelsk Tea-leaved willow i
Tysk Teeblättrige Weide, Zweifarbige Weide
Fransk Saule de l'Arctique
Islandsk Gulvíðir (Brekkuvíðir)
  • Grønvier (Salix phylicifolia var. phylicifolia) - Europa, vestlege Sibir.
  • Grønvier-svartvier (Salix mysrinifolia x phylicifolia) - svært vanleg på kulturmark, grøfter og kjerr. Bladet si midtnerve er hårete på den nedste delen.
  • Grønvier-bleikvier (Salix herbacea x phylicifolia) - vanleg.
  • Grønvier-musøyre (Salix hastata x phylicifolia) - vanleg.

Brekkavier (Salix phylicifolia 'Brekkavier') er ein variant av grønvier som finst på Island og i Noreg.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Grønvier veks på fuktige stader i Nord-Amerika og Europa. Han er vanleg i Nord-Noreg og i fjellet i Sør-Noreg.

Brekkavier er ein variant som kjem frå Island, der han først blei funnen på byrjinga av 1800-talet. Han toler salt svært godt, og er elles hardfør. Brekkavier var den første busken som etablerte seg på Surtsey. Det skjedde i 1998, 35 år etter at den vulkanske øya blei danna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]