Grønvier
Grønvier | |
Grønvier | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Vierordenen Malpighiales |
Familie: | Vierfamilien Salicaceae |
Slekt: | Vierslekta Salix |
Art: | Grønvier S. phylicifolia |
Vitskapleg namn | |
Salix phylicifolia |
Grønvier (Salix phylicifolia) er ein busk i pilfamilien. Han blir nytta som hageplante, mellom anna til hekk.
Han er brukt som matplante av nordamerikanske urfolk. Dei kan eta nyplukka skot råe eller tørka dei og eta dei med selolje, i supper eller som te. Rein og moskusfe beiter også på grønvier.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Grønvier kan bli mellom ein og fire meter høg. Han har stive blad med få tenner. Blada er blankt grøne på oversida, bleikt blågrøne på undersida.
Planten får grålodne raklar. Han blomstrar gjerne i mai og juni, avhengig av høgda over havet.
Variantar og hybridar
[endre | endre wikiteksten]Grønvier dannar lett hybridar med nærskylde planter.
- Grønvier (Salix phylicifolia var. phylicifolia) - Europa, vestlege Sibir.
- Grønvier-svartvier (Salix mysrinifolia x phylicifolia) - svært vanleg på kulturmark, grøfter og kjerr. Bladet si midtnerve er hårete på den nedste delen.
- Grønvier-bleikvier (Salix herbacea x phylicifolia) - vanleg.
- Grønvier-musøyre (Salix hastata x phylicifolia) - vanleg.
Brekkavier (Salix phylicifolia 'Brekkavier') er ein variant av grønvier som finst på Island og i Noreg.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Grønvier veks på fuktige stader i Nord-Amerika og Europa. Han er vanleg i Nord-Noreg og i fjellet i Sør-Noreg.
Brekkavier er ein variant som kjem frå Island, der han først blei funnen på byrjinga av 1800-talet. Han toler salt svært godt, og er elles hardfør. Brekkavier var den første busken som etablerte seg på Surtsey. Det skjedde i 1998, 35 år etter at den vulkanske øya blei danna.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «grønnvier» i Store norske leksikon, snl.no.
- Lid, Johannes: Norsk og svensk flora, Samlaget, Oslo, 1974.
- NRK Hage ved nrk.no
- Saule ved passeportsante.net
- Om planteslekten Salix Arkivert 2011-06-12 ved Wayback Machine. ved naaf.no
- Denne artikkelen bygger på «Grønnvier» frå Wikipedia på bokmål, og «Salix phylicifolia» frå Wikipedia på fransk den 16. august 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) grønvier hos Artsdatabanken
- (en) grønvier i Encyclopedia of Life
- (en) grønvier i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) grønvier hos Dyntaxa
- (en) grønvier hos NCBI
- (en) grønvier hos The International Plant Names Index
- (en) grønvier hos Tropicos
- (en) Kategori:Salix phylicifolia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Salix phylicifolia – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Salix phylicifolia – detaljert informasjon på Wikispecies