Gubben Noah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Faksimile av Fredmans sång nr 35 frå førsteopplaget frå 1791.

Gubben Noah, opphavleg «Om gubben Noach och hans fru», Fredmans sång n:o 35, er ei drikkevise med tekst av Carl Michael Bellman. I moderne tid har forenkla versjonar av første verset blitt utbreidd som ein barnesong.[1] Songen var ein av dei fyrste store suksessane til Bellman, og er sannsynlegvis framleis den best kjende av visene hans.

Visa blei gjeven ut i den første utgåva av Fredmans sånger 1791, men var då velkjend og spreidd, mellom anna gjennom skillingstrykk. Den tidlegaste avskrifta er blitt datert til 1766, men songen er truleg eldre. Opphavet til melodien er ukjent.[2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Bellman skreiv tidleg enkle drikkeviser med bibelsk motiv; dette var allereie ein etablert sjanger. Noah var ein vanleg hovudperson, basert på Fyrste mosebok 9:20–21 der det i svensk omsetjing står: «Noa var åkerbrukare, han var den första som anlade en vingård. När han drack av vinet blev han berusad och låg naken i sitt tält».[3] Bellman endra likevel sjangeren, som meir kom til å likna dei religiøse betraktelsedikta, der mottakarane var forventa å meditera over ein bibelsk scene og ta lærdom. «Gubben Noach» var sannsynlegvis den første songen i denne nye stilen.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen blei ein stor suksess, den største til då for Bellman. Han prøvde seg på fleire songar i liknande stil, til dømes «Joakim uti Babylon» etter bibelforteljinga om kona hans Susanna i badet, «En Potifars hustru» og «Ahasverus var så mäktig», men ingen av desse blei like store suksessar.[5] Fleire av desse blei sidan samla i Fredmans sånger som nummer 36–43.

Med ei viss redsle for kyrkja valde Bellman å fyrst gje ut drikkevisene sine med bibelsk motiv i skillingstrykk med anonym opphavsmann i heile landet. Likevel visste dei fleste, særleg i hovudstaden, kven tekstforfattaren var. I 1768 blei reaksjonane kraftige i domkapittelet i Lund, og gjennom eit brev til prestane i stiftet freista ein å samla inn alle eksemplar av «Gubben Noach» og liknande bibelparodiar av Bellman for å få dei øydelagde.[2]

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Noah og sønene hans lagar vin. Illustrasjon frå Holkham Bible frå 1300-talet.

Songen utspelar seg etter at Noah har grunnstøytt på fjellet Ararat og lét anleggja ein vingard. Deretter sluttar koplinga til Bibelen.[2] I staden blir Noah skildra som ein jovial «gubbe» med enkle vanar som ikkje brukar parykk, og drikk vinen sin utan å bry seg om å skåla. Tilveret hans framstår som ein enkel idyll, i lag med ei tolerant kone eller «gumma» i ei paradisisk ny verd. Han blir òg framstilt som ein menneskeven etter han planta vinranker til glede for alle.[6]

Det fyrste verset lyd:[7]

Gubben Noach, Gubben Noach
Var en hedersman, :||:
När han gick ur arken
Plantera han på marken
Mycket vin, ja mycket vin, ja
Detta gjorde han.

Barnevise[endre | endre wikiteksten]

Samanlikning mellom Bellman sin versjon og den noko forenkla barnevisa.
Lytt på versjonen til barnevisa

Det finst ein forenkla versjon, med annan tekst, som blir brukt som barnevise.[1]

Tekst[1]

Gubben Noak, gubben Noak
var en hedersman
När han gick ur arken
plantera han på marken
Gubben Noak, gubben Noak
var en hedersman.

Gubben Noak, gubben Noak
var en hedersman
När han skulle äta
tappa han potäta.
Gubben Noak, gubben Noak
var en hedersman.
etc.

Det finst også norske versjonar, som denne:

Gubben Noa beit i tåa
så det gjorde vondt.
Så kom doktor Brille,
surra på ei fille.
Gubben Noa beit i tåa
så det gjorde vondt

Den norske barnesongen kan også ha to vers.[8]

Melodien til barnevisa er òg forenkla samanlikna med den til Bellman. Same melodi blir òg nytta til songleiken «Bjørnen sover» og andre songar som «Kom min lilla, no vi vilja raskt till skolen gå».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Det blei gjort fleire tidlege albumopptak i 1914.[9][10]

Birgitte Grimstad spilte inn songen på LP-en Utdrag fra Aulakonserten (RCA LPNE 63) i 1967.

Helge Songe framførte songen på Øl er i alle fall øl. Ymse drikkeviser (Polydor 2920 162 i 1976.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Alfons (1993), sid 37
  2. 2,0 2,1 2,2 Hillbom (1992b), s. 282-287
  3. 1 Mos 9:20-21
  4. Lönnroth (2005), s. 88-89
  5. Lönnroth (2005), sid. 92
  6. Lönnroth (2005), s. 89-90
  7. Hillbom (1992a), s. 85
  8. To vers av den norske barnesangen «Gubben Noa», arkivert frå originalen 13. desember 2016, henta 26. august 2021 
  9. «Svensk mediedatabas: "Gubben Noak"». Henta 19. mai 2011. 
  10. «Svensk mediedatabas: "Gubben Noach"». Henta 19 maj 2011. 
  11. Plateetiketten
  • Alfons Harriet, Henrikson Margot: Barnens musik från Blinka lilla stjärna till Trollflöjten : [sånger och visor med noter och ackordanalyser], Bergh, Stockholm 1993, s. 37. ISBN 91-502-1154-4. Libris 7401503. 
  • Fredmans sånger: text- och melodihistorisk utgåva med musiken i reproduktion efter originaltrycket. 1, Texten, Norstedt i samarbete med Bellmanssällsk., Stockholm 1992a, s. 85. ISBN 91-1-919452-8. Libris 1425643. 
  • Fredmans sånger: text- och melodihistorisk utgåva med musiken i reproduktion efter originaltrycket. 2, Musik och kommentarer, Norstedt i samarbete med Bellmanssällsk., Stockholm 1992b. ISBN 91-1-919462-5. Libris 1425644. 
  • Ljuva karneval!: om Carl Michael Bellmans diktning, Bonnier, Stockholm 2005. ISBN 91-0-057245-4. Libris 9713222. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Gubben Noah ved Wikisource (sv).