Gudmund Hernes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gudmund Hernes
Gudmund Hernes2.JPG
Fødd25. mars 1941
Trondheim
NasjonalitetNoreg
Yrkeskribent, politikar, professor, sosiolog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materJohns Hopkins University
EktefelleHelga Hernes, Charlotte Haug
BarnStein Hernes
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Gudmund Hernes (fødd 25. mars 1941 i Trondheim) er ein norsk sosiolog, forfattar, politikar og tidlegare statsråd for Arbeiderpartiet.

Hernes sin sosiologi[endre | endre wikiteksten]

Som del av den første Maktutgreiinga utvikla Hernes modellar om makt basert på teoriar om målretta aktørar og med inspirasjon frå ny-klassisk økonomi.

I boka Makt og avmakt analyserte Hernes makt først og fremst som basert på eit byte mellom aktørane. Eit system kan t.d. vere sett saman av to aktørar som begge har kvar sin ressurs og der begge har interesse av den andre sin ressurs. Forholdet arbeidstakar - arbeidsgjevar er typisk i så måte der arbeidstakaren har interesse av pengar for å tene til livsopphaldet sitt, medan arbeidsgjevaren har interesse i arbeidaren si arbeidskraft. Ein aktør har makt i høve til ein annan aktør i kva grad den eine er avhengig av den andres ressurs.

Ut frå denne modellen vil ein aktør ha liten makt når vedkomande kontrollerer lite av interesse for andre. Den vil også minske i den grad andre aktørar kontrollerer saker av stor interesse for henne/han, eller at dei har kontroll over kva saker som skal avgjerast og i kva grad dei kan kontrollere kven som kan avgjere saka.

I boka Forhandlingsøkonomi og blandingsadministrasjon utvikla Hernes teoriane om makt i ein noko anna retning ved å setje ulike modellar, t.d. marknad, demokrati og byråkrati, opp mot einannan og sjå korleis dei empirisk perverterer kvarandre.

Sentrale bøker av Gudmund Hernes[endre | endre wikiteksten]

Utdanning og yrkesbane[endre | endre wikiteksten]

Reaksjonar på Hernes[endre | endre wikiteksten]

Hernes sine synspunkt både som forskar og politikar har generert mykje kontrovers opp gjennom tida. På 1970-talet galdt det utforminga av og resultata til Maktutgreiinga. Frå slutten av 1980-talet har det først og fremst vore utdanningspolitikken og dei store reformene i grunn- og vidaregåande skule på 1990-talet (Reform 94 og Reform 97) samt innføringa av nye organisasjonsformer i Høgare utdanning.

Nokre kritiske arbeid[endre | endre wikiteksten]

  • Maktens ansikter. Perspektiver på makt og maktforskning (1981) (red. K.Andenæs, T.Mathiesen og T.Johansen) ISBN 82-05-13120-1
  • Makt i Norge. Hva gikk galt med maktutredningen? (1983) (red. O.Nordhaug og N.Veggeland) ISBN 82-7322-153-9
  • Exorbitant exchange. The defective empirical foundations of sociological models of social exchange (1987) av Per Otnes, ISBN 82-570-0862-1
  • Mistillitens sosiologi. Retorikk og reform i Hernes' utdanningspolitikk (2003) av Tom Are Trippestad (i boka Dannelsens forvandlinger) ISBN 82-530-2549-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]