Gulbuk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulbukviftestjert
Gulbuk Foto: Ukjent, i public domain
Gulbuk
Foto: Ukjent, i public domain
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Sylvioidea
Familie: Stenostiridae
Slekt: Chelidorhynx
Art: Gulbukviftestjert C. hypoxantha
Vitskapleg namn
Chelidorhynx hypoxantha

Gulbuk, Chelidorhynx hypoxantha,[1] er ein liten sporvefugl i kvisthopparfamilien som lever i området det indiske subkontinentet, Tibet og nordvestre Indokina. Han var tidlegare, og framleis av somme autoritetar,[2] klassifisert som viftestjert, Rhipiduridae.

Dette er ein fugl med iaugefallande gul strupe, bryst og underside, med kraftige gule augebryn mot gult framhovud. Maska er mørk, toppen av hovudet og oversida olivenbrun. Halen er lang, mørk på oversida, men lys mot tippen. Han er rundt 12 cm lang og veg 5–6 gram. Han er uroleg, lever av små insekt som han fangar i lufta.

Leveområde femnar om nordlege India, Nepal, Kina, Bhutan, nordlege Bangladesh, Myanmar, Thailand, Vietnam og Laos. Om sommaren lever dei i høgder mellom ca. 1500 og ca. 3700 moh., men trekkjer ned så lågt som til 180 moh. om vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  2. BirdLife International (2014) factsheet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]