Gunnhild Sveinsdotter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunnhild Sveinsdotter
Fødd etter 997
truleg i Sverige
Død

om lag år 1060
Gudhem,
Vest-Gøtaland

Kjend for Dronning av Sverige

og dronning av Danmark

Far Svein Håkonsson Ladejarl
Mor Holmfrid Eiriksdotter

Gunnhild Sveinsdotter (fødd etter 997, død omkring 1060) var dotter av Svein Håkonsson Ladejarl, dronning i Sverige i tida 1022-1050 og dronning i Danmark i tida 1051-1052.

Familietilhøve[endre | endre wikiteksten]

Dei norrøne kjeldene gir særs få opplysningar om Svein Håkonsson Ladejarl og hans familie. I dei historiske overleveringane er han ikkje funnen særs interessant som sjølvstendig historisk person. Med tanke på den framståande stillinga han trass alt hadde, er den manglande omtalen av Svein jarl påfallande, og skuldast truleg ei bevisst nedtoning av ladejarlane sin rolle i norsk historie for tidleg mellomalder. Kjeldene om hans giftarmål og etterkomarar er usikre, men alt talar likevel for at opplysningane nedanfor er dei mest korrekte.

Etter at Olav Tryggvason drap Håkon Sigurdsson Jarl og la under seg Noreg i 995, rømde både Eirik jarl og Svein jarl til Sverige og fekk tilhald hjå Olof Skotkonung (Olav Svenske), slik Tord Kolbeinsson seier i Eiriksdråpa[1]:

Vreid trøndske jarl søkte
hos sveakongen råd.
Ingen kunne det hindra
Trøndene synte seg tråe.

En gong i åra 995-999 vart Svein Håkonson jarl gift med Holmfrid, dotter til kong Eirik Sigersæl og syster til kong Olof Skotkonung.[Note 1]. Svein jarl og Holmfrid fekk i det minste to døtre: Sigrid (ho vart gift med Aslak Erlingsson på Jæren) og Gunnhild. Gunnhild var såleis nærskyld med både Orm jarl og Ivar Kvite på Opplanda, og Eindride, son til Einar Tambarskjelve i Trøndelag; dei var alle syskenborn.

Morbror til Gunnhild var kong Olof Skotkonung Eriksson og like eins kong Emund den gamle (Eiriksson). Gunnhild sine syskeborn på morssida var: Astrid, g.m. kong Olav Haraldsson, kong Anund Jakob og Ingegjerd Olavsdotter (988-1054), seinare storfyrstinne, kona til storfyrste Jaroslav I den vise av Novgorod.

Dronning av Sverige og Danmark[endre | endre wikiteksten]

Gunnhild vart gift med syskenbarnet sitt, kong Anund Jakob. Snorre nemner i soga om Harald Hardråde[2], kap. 41, at Gunnhild var gift med danekongen Svein Ulfsson (Estridsson). Dette er òg nemnt i Knytlingesaga[3]. Adam av Bremen[4] omtalar henne som «relicta Anundi dvs. Anunds enke». Det er kjent at kong Anund hadde ei dotter som vart kalla Gyda, men det er uvisst om mor hennar var Gunnhild, eller ei anna kvinne (Gunnhild og Gyda blir sume tider samanblanda).

Om lag 1047 vart Gyda Anundsdotter gift med kong Svein Estridsson, giftarmålet skjedde truleg på den tida då han låg i krig med kong Magnus den gode og måtte røme frå Danmark og fekk tilhald hjå kong Anund i Sverige. Gyda Anundsdotter døydde etter berre eit år eller to.

Gunnhild Sveinsdotter vart enke då kong Anund Jakob døydde eit par år seinare, omkring 1050; ho reiste då til Danmark og kort tid etter vart ho gift med kong Svein Estridsson (mellom dei var det truleg eit felles slektskap til Eirik Sigersæl). Men Gunnhild vart dermed gift med sin tidlegare svigerson, då ho hadde vore mor, eller stykkmor, til Gyda. På grunn av dette vurderte kyrkja ekteskapet som illegitimt og truga med bannlysning (ekskommunikasjon) dersom ekteskapet ikkje vart oppløyst. En gong i åra 1050/1051 vart dei skilde og Gunnhild reiste attende til Sverige.

Saxo Grammaticus[5] nemner òg om kong Svein Estridsson sitt ekteskap med «Svenskekongens Datter» som han måtte skilje seg frå, men han kallar henne Gyda. Saxo opplyser at grunnen til skilsmissa var at ho var hans «frænke» [Note 2].

Ruin av Gudhems kloster, som Gunnhild etter tradisjonen skal ha grunnlagt.

Gudhem i Vest-Gøtaland[endre | endre wikiteksten]

Gunnhild Sveinsdotter skal deretter ha busett seg på eigedomen sin i Vest-Gøtaland. Etter ein tradisjon skal ho ha grunnlagt Gudhem kloster utanfor Falkøping i 1052. I røynda vart dette klosteret, eit nonnekloster, grunnlagt nøyaktig hundre år seinare (i 1152), men det kan likevel tenkjast at ho etablerte ein klosterliknande institusjon som var forløparen til klosteret. Ho skal òg ha grunnlagt ein verkstad for å lage tekstilar til geistleg og kyrkjeleg bruk[5]. Hennar mest kjende arbeid skal ha vore ein korkjole som ho laga for kyrkja i Roskilde. Adam av Bremen[4] kalla henne «Sanctissima» og omtalar hennar gjestmildskap mot den kristne misjonæren biskop Adalvard i åra etter 1050. Ho døydde truleg ein gong etter 1060 og det er ein tradisjon om at ho vart gravlagd i Gudhem.

Gunnhild Sveinsdotter kan ha vore mor til Svend Korsfarer[6] (ca 1050 - 1104) som vann stor ry for sin modige kamp mot tyrkarane på det første korstoget.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om lag samstundes vart Eirik Håkonsson jarl gift med Gyda, dotter åt kong Svein Tjugeskjegg i Danmark. Desse to giftarmåla seier litt om det omdømet ladejarlane på denne tida hadde i Noreg og i grannelanda.
  2. Å gifte seg med eit syskeborn, var ikkje rekna som illegitimt; derimot å gifte seg med ei tidlegare svigermor, vart truleg ikkje tolerert av kyrkja

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldic Project Eiriksdråpa av Tord Kolbeinsson
  2. Soga om Harald Hardråde
  3. Knytlingesaga avsnitt 23 (Om Kong Svends Børn)
  4. 4,0 4,1 Adam av Bremen Adamus Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificum (latinsk utgåve)
  5. 5,0 5,1 Saxo Grammaticus om Svend Estridssøn
  6. Svend Korsfarer frå dansk Wikipedia

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]