Høgskolen i Vestfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgskolen i Vestfold
Grunnlagt 1994
Type Statleg høgskole
Rektor Petter Aasen
Stad Borre og Larvik
Studentar 4 321 (2011) [1]
Tilsette 469 [2]
Nettstad www.hive.no

Høgskolen i Vestfold (HiVe) var ein høgskole i Vestfold, og ein av 24 statlege høgskolar i Noreg, før skulen 1. januar 2014 vart slege saman med Høgskolen i Buskerud til ein høgskule med namnet Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

Høgskolen i Vestfold vart skipa i 1994, då tre statlege høgskolar i Horten og Tønsberg vart samanslegne som fylgje av Høgskulereforma det året. Frå 1994 til 2010 var høgskolen lokalisert både i Borre ved Horten og på Eik utanfor Tønsberg. Frå skulestart 2010 vart all verksemda lokalisert på Bakkenteigen i Borre. I tillegg dreiv HiVe eit studiesenter i Tollboden i Larvik med om lag 60 studentar.

Høgskolen tilbaud fag- og profesjonsstudie innan maritime fag, sjukepleie, ingeniør, samfunnsfagleg og pedagogisk utdanning, som kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradsprogram, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Frå hausten 2010 var høgskolen inndelt i fire fakultet:

  • Fakultet for helsevitskap
  • Fakultet for humaniora og utdanningsvitenskap
  • Fakultet for teknologi og maritime fag
  • Fakultet for økonomi og samfunnsvitenskap

Høgskolen tilbaud mastergrader i:

  • barnehagepedagogikk og profesjonskunnskap
  • helsefremjande arbeid
  • mikrosystemteknologi
  • norskdidaktikk
  • pedagogikk
  • psykisk helsearbeid
  • tverrfagleg samfunnsvitskap
  • maritim leiing (Nordic Master in Maritime Management; NOMAR).

Høgskolen tilbaud også internasjonalisering av studia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]