HB «Sundfoil I»
HB «Tranen» i opplag i Bergen i 1982. Foto: Harald Sætre | |
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | HB «Sundfoil I» |
| Eigar: | Sundfart |
| Verft: | Westermoen Hydrofoil i Mandal |
| Verftsnummer: | 2 |
| Sjøsett: | 1963 |
| Teke ut av teneste: | 1965 |
| Heimehamn: | Malmø |
| Kjennemerke: | LXFN |
| Generelle mål | |
| Type: | Hydrofoil |
| Tonnasje: | 68 bruttotonnregister, 39 nrt |
| Lengd: | 64,3 fot (19,6 m) |
| Breidd: | 16,6 fot (5,1 m) |
| Djupgang: | 8,1 fot (2,5 m) |
| Installert effekt : | 1350 bhk |
| Framdrift: | 12cyl. 4T EV DM (Daimler-Benz, Stuttgart) |
| Karriere | |
| Namn: | MF «Tjelden» |
| Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
| Sett i teneste: | 1968-1980 |
| Heimehamn: | Bergen |
| Kjennemerke: | LXFN |
| Karriere | |
| Namn: | HB «Tranen» |
| Eigar: | Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap |
| Sett i teneste: | 1980 |
| Heimehamn: | Bergen |
| Karriere | |
| Namn: | HB «Exfoil» |
| Eigar: |
1982: Audun Ørgersen 1986: Erik A. Lien |
| Heimehamn: | Bergen |
| Lagnad: | Opphogd 1992-1995 |
HB «Sundfoil I», seinare HB «Tjelden», var ein hydrofoilbåt som vart levert frå Westermoen Hydrofoil i Mandal for AB Sundfart i Malmö i Sverige.
I 1965 vart båten seld til AB Sundtrafik i Hälsingborg, før han i 1966 vart seld til A/S Masl (Leon Bodd) i Oslo. Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap kjøpte inn båten i 1968 og gav han namnet «Tjelden». I 1980 vart namnet endra til «Tranen».
Båten vart i 1982 seld til Audun Ørgersen, som demonterte foilane og nytta han som husbåt. I september 1986 vart han seld til Erik A. Lien i Ask/Bergen. I juli 1992 vart båten observert hos Brødrene Anda i Stavanger og vart klargjort for hogging. I mai 1995 var båten hogd.
Rute
[endre | endre wikiteksten]H/B «Tjelden» gjekk i rute mellom Bergen og Ølen i Sunnhordland, med stopp undervegs i Leirvik, Tittelsnes og Skånevik. Ruten vart utført to ganger dagleg tur/retur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Skipet.no
- Sveio på Fjordfähren (tysk) Arkivert 2014-04-23 ved Wayback Machine.