Halldor Skard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Halldor Skard
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. april 1973
Oslo
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

Halldor Skard (fødd 11. april 1973) er ein norsk tidlegare kombinertløpar frå Oslo. Han var med på å vinne gull for Norge på 4 x 5 km stafett under OL 1998 i Nagano. Skard har også to VM-medaljar i lagøvinga, gull i 1997 og sølv i 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Skard vart juniorverdsmeister i kombinert i Vuokatti i 1992. Fyrst vinteren 1995 nådde han eit nivå som gjorde at han kunne måle seg mot dei dyktigaste kombinertrennarane i verda. I sine tre beste sesongar, 1995-97, hadde han fem pallplasseringar (1-2-2) i verdscuprenn. Framom tre landsmenn vann han i Steamboat Springs sin einaste siger i verdscupen i desember 1996.

Skard fekk i 1995 plass på det norske firemannslaget som tok sølvmedaljar under ski-VM i Thunder Bay. Under verdsmeisterskapen på ski i Trondheim i 1997 vart han nummer 13 i den individuelle kombinertøvinga, og gjekk fyrste etappen for Noregs gullmannskap i lagtevlinga; Bjarte Engen Vik, Knut Tore Apeland og Fred Børre Lundberg. Året etter starta Skard også fyrst i langrennsdelen då Noreg vann OL-gull for lag, då saman Kenneth Braaten og førnemnde Vik og Lundberg.

Han slutta som aktiv i 2000.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]