Knut Tore Apeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Tore Apeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1968
Vinje
Idrett kombinert
Yrke kombinertløpar

Knut Tore Apeland (fødd 11. desember 1968) frå Haukeli i Vinje er ein norsk, tidlegare kombinertrennar og skihoppar. Han sigra i sju tevlingar i verdscupen i kombinert og vann i 1996 verdscupen samanlagt. Apeland fekk sølv i kombinert under VM i 1993 og vart verdmeister for Noreg i lagtevlinga under ski-VM 1997 i Trondheim. Han fekk OL-sølv for lag i 1992 og 1994, samt VM-sølv for lag i 1993 og 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Den 29. desember 1988 i Oberwiesenthal deltok Apeland i sitt andre verdscuprenn, der han gjekk heilt til topps framom Klaus Ofner. Seinare i sesongen vart Apeland nummer tre i Holmenkollen. I byrjinga av mars 1990 vann han sin andre siger i verdscupen, då han etter kombinertøvinga i Lahti hadde Allar Levandi på plassen bak seg, estlendaren Levandi representerte den gongen Sovjetunionen. I 1991-sesongen var ein fjerdeplass Apelands beste verdscupresultat.

Apeland fekk sin fyrste internasjonale meisterskapsmedalje då han i Albertville var med på det norske tremannslaget som erobra sølvmedaljen i lagtevlinga under OL. I den individuelle tevlinga kom han på tiandeplassen. Elles i sesongen kom han to gongar på tredjeplass i individuelle verdscuprenn. Under verdsmeisterskapen i Falun i 1993 sikra Apeland seg to sølvmedaljar, både i den individuelle kombinerttevlinga og i lagtevlinga. Kenji Ogiwara frå Japan vann den individuelle tevlinga 1.34 minuttar føre Apeland, medan Trond Einar Elden og Bjarte Engen Vik kom på dei to neste plassane.

I OL-året 1994 var Apeland på pallen i tre verdscuprenn i månadene føre Lillehammer. Han fekk ein ny lagsølv dei olympiske leikane og vart nummer elleve individuelt. Apeland opna 1994/95-sesongen med å vinne opningsrennet i Steamboat Springs framom landsmennene Bjarte Engen Vik og Fred Børre Lundberg. Seinare vart det ein ny verdscupsiger i Vuokatti, med landsmannen Halldor Skard på andreplassen. I mars 1995 var det ski-VM i Thunder Bay, der Apeland vann eitt nytt VM-sølv i øvinga for lag.

1996-sesongen vart Apelands største sesong. I fråvære av ein internasjonal meisterskap vann han verdscupen 1996. Han opna sesongen med siger i St. Moritz og ein andreplass i Val di Fiemme. I januar månad tok han tre tredjeplassar på rad, før han i byrjinga av februar gjekk til topps i Seefeld. Deretter noterte han seg for ein andreplass og ein fjerdeplass, før han vann i Trondheim. I mars månad vart han høvesvis nummer to, fem og to i renna i [Lahti, Falun og Oslo.

I verdsmeisterskapen 1997 i Trondheim lukkast det fullt ut for Apeland og Noreg i lagtevlinga. Etter å ha vorte nummer sju i den individuelle tevlinga, gjekk Apeland tredjeetappen for Noreg i det avsluttande langrennet i lagtevlinga. Dei andre på vinnarlaget var Halldor Skard, Bjarte Engen Vik og ankermannen Fred Børre Lundberg. Apeland deltok i si siste internasjonale meisterskapstevling då han vart nummer 16 i ski-VM 1999 i Ramsau.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Vinnar i Oberwiesenthal
  • 1990: Vinnar i Lahti
  • 1991: Nr 4 i Lahti
  • 1992: Nr 3 i Courchevel og Lahti. OL-sølv i lag
  • 1993: VM-sølv i Falun, og VM-sølv i lag
  • 1993/94: Nr 2 i St. Moritz. OL-sølv i lag
  • 1994/95: Vinnar i Steamboat Springs og i Vuokatti. Nr 6 i ski-VM i Thunder Bay. VM-sølv i lag
  • 1995/96: Vinnar i St. Moritz, Seefeld og Trondheim
  • 1996/97: Gullmedalje i lag i ski-VM i Trondheim. Nr 4 i Steamboat Springs
  • 1998: Nr 12 i to renn (halvprogram)
  • 1999: Nr 3 i Val di Fiemme.
  • 2000: Nr 7 i Nozawa Onsen (halvprogram)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Bronsemedalje på Geilo
  • 1990: Bronsemedalje på Gjøvik
  • 1991: Bronsemedalje i Misvær
  • 1992: Bronsemedalje i Trondheim
  • 1993: Sølvmedalje på Lillehammer
  • 1994: Nr 4 kombinert og nr 5 i hopprennet i normal bakke i Vegårshei
  • 1995: Bronsemedalje i Oslo
  • 1996: Nr 4 i Stryn
  • 1997: Nr 7 i Mo i Rana
  • 1998: Nr 5 i Berkåk
  • 1999: Nr 5 på Raufoss
  • 2000: Nr 4 på Vang

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]