Hallvard Kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvard Kloster
Fødd14. desember 1853
Død8. november 1914
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Hallvard Torbjørnsson Kloster (14. desember 18538. november 1914) var ein utskiftingsmann, gardbrukar og stortingsmann frå Fjellberg i Hordaland. På Stortinget representerte han Venstre.

Kloster var fødd på eigedomen Halsnøy kloster, der far hans var gardbrukar. Han gjekk folkehøgskuleHalsnøy og vart så i 1871-72 utdanna til utskiftingsmann i Stavanger. Frå 1872 var han utskiftingsassistent til han i 1881 vart utskiftingsformann, heile tida med bustad i Stavanger. Sidan 1890 var han utskiftingsformann i Søndre Bergenhus amt, busette seg då i Årstad herad, der han kjøpte og dreiv garden Ny-Krohnborg. Han var ordførar i Årstad 1902-09 og forlikskommissær frå 1900.

Kloster var 5. representant for Søndre Bergenhus på Stortinget 1898-1900. Han møtte også på Stortinget perioden 1906-09, då som representant for einmannskrinsen Midthordland. I begge tingperiodane var han medlem av landbrukskomiteen. Kloster var elles medlem av kommisjonen som tok vassdragslova opp til revisjon.

Han døydde i Årstad i 1914.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]