Halvard Lange

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Halvard Lange
25442 Halvard Lange.jpg
Halvard Lange i januar 1949
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum
Fødd 16. september 1902
Christiania
Død

19. mai 1970
Oslo

Halvard Lange på Commons
Halvard Lange si grav på Vestre gravlund i Oslo

Halvard Manthey Lange (16. september 190219. mai 1970) var ein norsk politikar for Arbeidarpartiet. Han var utanriksminister frå 1946 til 1965, berre avbroten av dei 28 dagane til Regjeringa Lyng i 1963, og såleis er han den som har hatt denne posisjonen lengst i Noreg.

Lange sat som stortingsrepresentant frå 1950 til 1969 og var medlem i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre i perioden 1945–67. Han var son av fredsprisvinnaren Christian Lous Lange, og bror av stortingsrepresentanten Carl Viggo Manthey Lange.

Lange spela ei historisk rolle som utanriksminister gjennom at han braut med nøytraliteten Noreg tradisjonelt hadde hatt ved å leie landet inn i Atlanterhavspakta og NATO.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]