Andreas Cappelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andreas Cappelen
Fødd 31. januar 1915
Vang
Død

2. september 2008
Stavanger kommune

Andreas Zeier Cappelen (31. januar 19152. september 2008) var ein norsk politikar og jurist. Cappelen var statsråd i til saman nesten ti år.

Han vart statsråd for fyrste gong i 1958 då han vart kommunalminister i Regjeringa Gerhardsen III. 4. februar 1963 overtok han som finansminister og sat fram til regjeringa vart felt på Kings Bay-saka i 1963. Nokre veker seinare vart han på nytt finansminister i Einar Gerhardsen si fjerde regjering, ein post han hadde fram til 1965. Då Trygve Bratteli tok over som statsminister i 1971 etter Regjeringa Borten si oppløysing vart Cappelen utnemnt til utanriksminister. Han hadde denne posten fram til Folkeavrøystinga om EF i 1972. Cappelen kom attende og var justisminister i Odvar Nordli si regjering frå 1979 til 1980.

Yrkeskarriere[endre | endre wikiteksten]

Andreas Cappelen hadde også ei lang yrkeskarriere som jurist. Blant anna var han statsadvokat for landssviksaker i Rogaland i tida 1947 - 1949. I 1967 vart han byrettsdommar i Stavanger, der han også vart byrettsjustitiarius i 1969.

Andreas Cappelen døydde den 2. september 2008 i Stavanger.

Medlemskap i regjering[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lambrecht Haugen: Cappelen-slekten 1627-2008, Rosendal 2008