Espen Barth Eide
Espen Barth Eide | |
![]() | |
Fødd | 1. mai 1964 (58 år) Oslo |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, diplomat, statsvitar |
Utdanna ved | Universitetet i Oslo Universitetet i Barcelona |
Mor | Wenche Barth Eide |
Far | Asbjørn Eide |
Espen Barth Eide (fødd 1. mai 1964) er ein norsk statsvitar og politikar for Arbeidarpartiet som er klima‑ og miljøminister i Regjeringa Støre frå 2021.[1]
Han vart forsvarsminister då Grete Faremo tok over som justisminister grunna Knut Storberget sin avgang frå stillinga den 11. november 2011.[2] I september 2012 vart han utanriksminister.[3]
Han er visegeneralsekretær i SN og Kypros-spesialrådgjevar for SN sin generalsekretær António Guterres. Frå 2014 til 2016 var han direktør i Verdas økonomiske forum.
Espen Barth Eide er son til forskarane Asbjørn Eide og Wenche Barth Eide. Han er utdanna cand. polit. frå Universitetet i Oslo. I 1992 vart han generalsekretær i Europarørsla. I 1994 vart han forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), der han m.a. har hatt ansvar for SN-programmet og leidd avdelinga for internasjonal politikk 2002-05.
Frå 2000 til 2001 var han statssekretær ved utanriksdepartementet i Jens Stoltenberg si fyrste regjering. Her spelte han ei sentral rolle ved forhandlingane om kjøp av norske jagarfly. Frå 2005 - 2010 var han statssekretær i forsvarsdepartementet, og frå 2010 til 2011 vart han statssekretær i utanriksdepartementet att fram til han fekk stillinga som forsvarsminister i 2011.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Regjeringens medlemmer». Regjeringen.no. 14. oktober 2021. Arkivert frå originalen 2021-10-15. Henta 15. oktober 2021.
- ↑ Aftenposten.no, 11.11.11: Knut Storberget går av
- ↑ Varden, 21.09.12: Fem nye ministre er utnevnt
- Einskildmenn
- Fødde i 1964
- Norske miljøvernministrar
- Norske utanriksministrar
- Norske forsvarsministrar
- Statsrådar i Regjeringa Støre
- Statsrådar i Regjeringa Stoltenberg II
- Ap-statsrådar
- Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg I
- Statssekretærar i Regjeringa Stoltenberg II
- Statssekretærar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 2017-2021
- Stortingsrepresentantar 2021-2025
- Folk tilknytte Norsk utanrikspolitisk institutt
- Norske statsvitarar
- Folk frå Oslo