Thorvald Stoltenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorvald Stoltenberg
Thorvald Stoltenberg.jpg
Fødd 8. juli 1931

Oslo

Død 13. juli 2018
Oslo
Wikimedia Commons: Thorvald Stoltenberg

Thorvald Stoltenberg (8. juli 193113. juli 2018)[1] var ein norsk diplomat og politikar frå Arbeidarpartiet. Han var utdanna jurist, og begynte i Utanriksdepartementet i 1958. Stoltenberg gjorde blant anna teneste i Jugoslavia og var sekretær for utanriksministeren frå 1965. Han var òg statssekretær i fleire arbeidarpartiregjeringar på 1970-talet.

Stoltenberg var forsvarsminister frå 1979 til 1981 og utanriksminister frå 1987 til 1989 og frå 1990 til 1993. I 1990 var han ei kort tid SN sin høgkommissær for flyktningar. Han var SN sin fredsmeklar på Balkan frå 1993 til 1996. Han var norsk ambassadør i Danmark frå 1996 til 1999. I 1999 vart han president for raudekrossen i Noreg.

Stoltenberg var russepresident i Oslo i 1950 og formann i Norsk Studentunion i 1958. Han vart tildelt Peer Gynt-prisen i 1990.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Thorvald Stoltenberg var son av Theodor Emil Stoltenberg og Ingeborg Antonie Andresen, som var syster til operasongaren Ivar F. Andresen.

Stoltenberg var gift med Karin Stoltenberg (1931–2012), og hadde tre barn: Camilla Stoltenberg (f. 1958), Jens Stoltenberg (f. 1959) og Nini Stoltenberg (1963–2014).

Mot slutten av livet var Stoltenberg kjæraste med filmregissøren Anja Breien.[2]

Han var svoger til etterfølgjaren sin, Johan Jørgen Holst, ettersom Karin Stoltenberg var syster av Holst si kone Marianne Heiberg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thorvald Stoltenberg er død». Dagbladet.no (norsk). 13. juli 2018. Henta 13. juli 2018. 
  2. «Thorvald Stoltenberg – gammel, men ingen gubbe». Dagsavisen. 31. mars 2017. Henta 13. juli 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]