Hans-Joachim Walde
| Hans-Joachim Walde | |
|
| |
| Statsborgarskap | Tyskland |
| Fødd | 28. juni 1942 Gmina Lubin |
| Død | 18. april 2013 (70 år) Jever |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1968, Sommar-OL 1964 |
Hans-Joachim Walde (28. juni 1942–18. april 2013) var ein tysk friidrettsutøvar, fødd i dåverande Landkreis Lüben, dagens Nederschlesiske voivodskap i Polen, som representerte Vest-Tyskland.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Walde var ein av verdas beste i tikamp-øvinga gjennom heile tiåret 1963-72. I 1964 vart han vesttysk meister i øvinga, før han same hausten sikra seg bronsemedaljen under Sommar-OL i Tokyo. Tre år seinare var han tilbake i Tokyo, der han vann tikampen i universiaden 1967 med 7 819 poeng. Tidlegare i 1967 oppnådde han 7 992 poeng då han vann eit stemne i Los Angeles framfor Bill Toomey frå USA.
Under sommarleikane i Mexico-byen i oktober 1968 gjorde Walde sitt livs beste tikamp-tevling og samla 8 111 poeng (8 094 etter seinare tabell) og tok sølv, verdsrekordhaldaren Bill Toomey vann gullmedaljen. I 1969 vart Walde vesttysk meister for andre gong, året etter sette han verdsrekord i sjukamp. Han vart så tredjemann ved 1971-EM i Helsinki, langt bak europameisteren Joachim Kirst frå Aust-Tyskland og svensken Lennart Hedmark. Walde deltok i Sommar-OL 1972 på vesttysk heimebane, der ein skade gjorde at han trekte seg frå tevlinga etter 4 øvingar.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Hans-Joachim Walde» frå Wikipedia på tysk, den 24. mai 2019.
- World Athletics
- «Hans-Joachim Walde» (på engelsk). Olympedia. Henta 9. april 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1942
- Døde i 2013
- Tyske mangekjemparar
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Vest-Tyskland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tyskland
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1964
- Tyske deltakarar under sommar-OL 1964
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1968
- Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1968
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968
- Vesttyske deltakarar under sommar-OL 1972
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972