Harpyørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Harpyørn
Harpyørn
Harpyørn
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Harpyørn
Utbreiinga av Harpyørn
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Haukefuglar Accipitriformes
Familie: Haukefamilien Accipitridae
Slekt: Harpia
Art: Harpyørn H. harpyja
Vitskapleg namn
Harpia harpyja

Harpyørn (Harpia harpyja) er ei uvanleg stor ørn som jaktar middels store pattedyr i regnskogen i neotropisk område. Ho er den største rovfuglen som finst i regnskogen,[1] og blant dei største nolevande ørneartane i verda. Det naturlege habitatet er trekroner i tropiske låglandsregnskogar. Øydelegging av habitata har fått arten til å forsvinne frå mange delar av det opphavlege utbreiingsområdet, og harpyørna er nesten utrydda i Mellom-Amerika.

Harpyørna vart først skildra av Linné med namnet Vultur harpyja,[2] etter den mytologiske harpyen. Ho er den einaste medlemmen av slekta Harpia, og er nærast nærskyldt med brynjeørn (Morphnus guianensis) og papuayørn (Harpyopsis novaeguineae), dei tre artane som utgjer underfamilien Harpiinae i den store haukefamilien.[3]

Artsnamnet harpyja og ordet harpy i det norske artsnamnet harpyørn kjem begge frå gammalgresk harpyia (ἅρπυια). Namnet viser til harpyene i den antikke greske mytologien. Dette var vindåndene som førte dei døde til Hades eller Tartarus, og vart sagt å ha ein lekam som ein gribb og andlet til ei kvinne.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ei vaksen harpyørn i São Paulo Zoo, Brasil
Foto: Guilherme Jofili

Kjønna av harpyørna har likeins fjørdrakt, men stor skilnad i kroppsmasse. Hannfuglar veg 4-4,8 kilogram, hofuglar vanlegvis i området 7,6 til 9 kilogram. Kroppslengda varierer frå ca. 87 til 107 centimeter, hofuglar er lengst. Vengespennet kan nå opptil 2,2 meter. Vaksne fuglar har overside dekt med skifersvarte fjører, og undersida er for det meste kvit, med unntak av tarsfjøra, som har mørke vatra striper. Eit breitt svart band over det øvre brystet skil det grå hovudet frå den kvite buken. Hovudet er lysegrått, og er krona med ein dobbel fjørtopp. Overdelen av halen er svart med tre grå band, medan undersida er svart med tre kvite band. Irisen er grå eller brun eller raud, ceres og nebb er svart eller mørk og føtene og tærne er gule.[5] Tarsen er opptil 13 cm lang.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Harpyørna er sjeldan i heile utbreiingsområdet, og finst frå sørlege Mexico, der ho er nesten utrydda, gjennom Mellom-Amerika og inn i Sør-Amerika så langt sør som nordlegaste Argentina. I regnskog lever dei høgt i det framveksande laget av trea. Habitatet er vanlegvis i lågland, men harpyørn er registrert i høgder opp til 2000 moh. i Costa Rica.

Føde[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste byttedyra er pattedyr som lever i tre, og ein overvekt av dietten har vist seg å bestå av dovendyr og aper. Men menyen er mangfaldig, er registrert over 100 ulike artar av byttedyr, inkluderer papegøyar som blågulara (Ara ararauna), reptil som leguanar, teguar og slangar.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Harpyørn er nasjonalfuglen i Panama og er avbilda på Panama sitt våpenskjold.[6]

Fuglen var eit motiv på baksida av den venezuelanske 2000-bolívares pengesetelen.

Harpyørn var inspirasjonen bak designen av Fawkes the Phoenix i Harry Potter-filmserien.[7]

Ei levande harpyørn vart brukt til å skildre den no utdøydde moaørna i BBC sin dokumentarproduksjon Monsters We Met.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. The illustrated atlas of wildlife. University of California Press. 2009. s. 115. ISBN 978-0-520-25785-6. 
  2. Linné, C (1758). Systema naturae per regna tria naturae, secundum classes, ordines, genera, species, cum characteribus, differentiis, synonymis, locis. Tomus I. Editio decima, reformata. (på latin). Holmiae. (Laurentii Salvii). s. 86. V. occipite subcristato. 
  3. Lerner, Heather R. L.; Mindell, David P. (November 2005). «Phylogeny of eagles, Old World vultures, and other Accipitridae based on nuclear and mitochondrial DNA» (PDF). Molecular Phylogenetics and Evolution 37 (2): 327–346. PMID 15925523. doi:10.1016/j.ympev.2005.04.010. Arkivert frå originalen (PDF) 6 June 2011. Henta 31 May 2011. 
  4. Piper, Ross (2007). Extraordinary Animals: An Encyclopedia of Curious and Unusual Animals. Greenwood Publishing Group. s. 89. ISBN 978-0-313-33922-6. 
  5. Schulenberg, T. S. (2020). Harpy Eagle (Harpia harpyja), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.hareag1.01
  6. Goldish, Meish (2007). Bald Eagles: A Chemical Nightmare. Bearport Publishing Company, Incorporated. s. 29. ISBN 978-1-59716-505-1. 
  7. Lederer, Roger J. (2007). Amazing Birds: A Treasury of Facts and Trivia about the Avian World. Barron's Educational Series, Incorporated. s. 106. ISBN 978-0-7641-3593-4. 
  8. «Haast's eagle videos, news and facts». BBC. Arkivert frå originalen 2012-01-14. Henta 25. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harpyørn