Harstad og omland mållag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Harstad og omland mållag er eit mållag for Harstad og nabokommunane. Mållaget har medlemmar særleg frå Harstad, Kvæfjord, Skånland og Ibestad, men også frå Tjeldsund, Lødingen, Sortland, Hadsel, Øksnes og Andøy. Mållaget er med i Noregs Mållag og i Troms og Finnmark mållag.

Styre og medlemmar[1][endre | endre wikiteksten]

Laget blei skipa 5. februar 1997.[2] Leiarar har vore Hildur Heim Nergård (1997-2005) og Magne Heide (2005-2024).

Harstad og omland mållag har sidan skipinga hatt eit medlemstal på mellom 17 og 30 medlemmar. I 2023 hadde laget 30 medlemmar. Totalt har nesten 70 personar på eitt eller anna tidspunkt vore medlemmar i laget sidan skipinga.

Lagsarbeid[1][endre | endre wikiteksten]

Harstad og omland mållag har hatt fleire opne møte og medlemsmøte med innleiarar frå lokalområdet, landsdelen og frå Noregs Mållag. Her har det vore tatt opp tema som nordnorsk språk og nynorsk identitet [3], språk og verdiar [4], nynorsk i Harstad-området [5], stadnamn, gatenamn [6], personnamn [7], nordnorske dialektar [8], nordnorske ordsamlingar [9] [10], samisk språk[11], avisspråk [12].

Mållaget har også hatt møte om og med fleire nynorske forfattarar: Helge Stangnes [13], Gudmund Brede[14], Arne Garborg [15] [16], Peter Karl Eberg Pedersen[17], Ingrid Mollvik (Kvæfjord), Hans Eidnes [18], Sigrid Merethe Hanssen [19], Regine Normann [20], Aasmund Olavsson Vinje[21] . Mållaget har presentert fleire nordnorske forfattar som skriv på nynorsk, i medlemsbladet Måltrasten: Ingrid Mollvik (2012), Arnljot Eidnes (2015), Jacob Norman (2016), Wenche Krossøy (2017), Gudmund Danielsen Brede (2019), Sigrid Agnethe Hansen (2020), Inger Johanne Sæterbakk (2020), Johan Hveding (2021) [22], Ove Orvik (2023) [23]. Laget arbeider også med å spreie god nynorsk litteratur.

Laget har arbeidd med å samle stoff om harstaddialekt [24] og lokale ord og uttrykk [25]. Laget har dessutan arbeidd med stadnamn, både fjellnamn [26] og gardsnamn [27]. Dette arbeidet har blitt publisert i fleire artiklar i Årbok for Harstad.

Laget har arbeidd for å dra fram den nynorske historia i området [28], både dei skolane som har hatt nynorsk som hovudmål og dei som har hatt parallellklassar i nynorsk [29] [30].

Laget har dessutan arbeidd for å betre opplæringa i nynorsk som sidemål. Det har også vore fokus på den samiske målstriden i området.

I 2003 arrangerte mållaget ei novelletevling for den vidaregåande skolen [31], og tre noveller blei premierte. [32] [33]

Mållaget er høyringsinstans for namnesaker, og laget har komme med fråsegner i fleire namnesaker.[34] [35]

Laget har også skrive fleire avisartiklar om ulike tema, bl.a. nynorsk sidemål [36] [37], anglofiseringar [38] og samisk skilting. [39]

Laget har tatt initiativ til å halde nynorsk gudsteneste i Trondenes kyrkje, og dette har vore gjennomført sidan 2013.[40]

I 2023 gav mållaget ein lokal målpris til Kåre Torvanger som sidan 1985 har levert 255 reportasjar på nynorsk til avisa Harstad Tidende. [41] [42]

Laget har også jamleg hatt besøk frå Noregs Mållag [43]. Laget har også vore representert på fleire landsmøte i Noregs Mållag.

Laget har kvart år sidan 2005 gitt ut eit eige meldingsblad til medlemmane, Måltrasten. [44]

Historie, tidlegare mållag[endre | endre wikiteksten]

Mållag 1917 - 1940[endre | endre wikiteksten]

Det har tidlegare vore fleire mållag i området som Harstad og omland mållag i dag dekker og har medlemmar ifrå. I tida før andre verdskrig var desse mållaga i arbeid:[45]

Mållag 1945 - i dag[endre | endre wikiteksten]

I tida etter 1945 har desse mållaga vore i arbeid:[52]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Årsmeldingar frå Harstad og omland mållag, 1997-2023
  2. Harstad Tidende, onsdag 30. april 1997 Mållaget gjenoppstått
  3. Harstad Tidende, tirsdag 16. februar 1999 Nynorsk + nordnorsk = sant?
  4. Harstad Tidende, fredag 15. mai 1998 Språk og verdiar
  5. Harstad Tidende, fredag 25. februar 2000 Årsmøte: kåseri om nynorsk i Harstad-området
  6. Harstad Tidende, tirsdag 23. mars 2010 Årsmøte, foredrag om gatenamn
  7. Harstad Tidende, lørdag 27. november 1999 Åpen søndag: Foredrag om personnamn
  8. Harstad Tidende, tirsdag 29. mars 2011 Øystein Vangsnes: Nordnorske dialektar i nytt søkelys
  9. Harstad Tidende, onsdag 2. mai 2012 Ove Orvik, Nordnorske ordskattar
  10. Harstad Tidende, lørdag 30. mars 2019 Steinar Nymo: Senjamålet
  11. Foredrag av Asbjørg Skåden, medlemsmøte 21. oktober 2002
  12. Kåseri av Bård Michaelsen, redaktør i Harstad Tidende, på årsmøte 21. februar 2008
  13. Harstad Tidende, tirsdag 1. desember 1998 Åpen søndag med Helge Stangnes
  14. Harstad Tidende, onsdag 22. november 2000 Nynorsk bladmann fram frå gløymsla
  15. Harstad Tidende, torsdag 18. oktober 2001 Garborg-året. Foredrag av Tove Indregard
  16. Harstad Tidende, tirsdag 23. oktober 2001 Flott hyllest til Garborg
  17. Harstad Tidende, fredag 28. mars 2003 150-årsmarkering for Medkila-forfattar
  18. Harstad Tidende, fredag 12. mai 2006 Hans Eidnes, fellesmøte med Harstad historielag
  19. Harstad Tidende, lørdag 8. desember 2012 Sigrid Merethe Hanssen, Stilsikker og humoristisk
  20. Harstad Tidende, torsdag 21. februar 2013 Nordnorsk folketradisjon, Hallstein Kristiansen om Regine Normann
  21. Mållaget arrangerte songstund med Vinje 6. april 2018
  22. [https://issuu.com/magneheide/docs/m_ltrasten_17-2021 Måltrasten nr 17, desember 2021
  23. Måltrasten nr 19, desember 2023
  24. Artiklar i Årbok for Harstad
  25. Artiklar i Årbok for Harstad
  26. Årbok for Harstad 2015 og 2016
  27. Sandtorg, Årbogen, Haukebø, Gausvika; Årbok for Harstad 2019, 2020, 2021, 2023
  28. Artiklar i Årbok for Harstad
  29. Solbritt Lindahl deltok på medlemsmøte 2. november 1999 og fortalte korleis dei kom i gang med nynorsk parallellklasse på Skånland.
  30. Harstad Tidende, tirsdag 8. september 1998 Nynorsk som hovedmål
  31. Harstad Tidende, tirsdag 28. oktober 2003 Novellekonkurranse for ungdom
  32. Harstad Tidende, torsdag 29. januar 2004 Premiert for god penn
  33. Harstad Tidende, lørdag 31. januar 2004 dei tre vinnar-novellene
  34. Harstad Tidende, tirsdag 24. juni 1997 Toppentunnelen
  35. Harstad Tidende, tirsdag 22. februar 2011 Gansås
  36. Harstad Tidende, tirsdag 15. august 2000 Ja til nynorsk i skolen
  37. Harstad Tidende, mandag 29. august 2011 Språkpolitisk svada frå Harstad FpU
  38. Harstad Tidende, mandag 6. mars 2006 "Hurtigruten Group"
  39. Harstad Tidende, tirsdag 4. februar 2020 Fleire samiske namn på kart, vegar og skilt
  40. Harstad Tidende, fredag 31. mai 2013 Nynorsk i Trondenes kjerke
  41. Harstad Tidende, torsdag 2. mars 2023Har tviholdt på dialekten i 40 år
  42. Harstad Tidende, lørdag 4. mars 2023 Lokal målpris til Kåre Torvanger
  43. Harstad Tidende, onsdag 29. mai 2013 Nynorskstafetten på besøk
  44. Måltrasten nr 19, desember 2023 Måltrasten 2023
  45. Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Redigert av Tove Bull og Kjellaug Jetne, Det Norske Samlaget, Oslo 1982 Roger Lockertsen: Nordnorsk målreising 1848-1945, side 251-253 (Oversyn over mållag i Nord-Noreg fram til 2. verdskrigen)
  46. Den 17de Mai 25. april 1940: "Maalvoksteren"
  47. Mål og Makt nr 3, 1976 "Eit utdrag av femaarsmeldinga til Troms fylkesmållag 1915-1920" (side, 19)
  48. Troms Folkeblad, tirsdag 19. august 1980 Kva gjorde deg til målmann? Edvard Ruud (avisinnlegg)
  49. Den 17de Mai 12. februar 1919: "Eit lite mønstermaallag"
  50. Glommen, torsdag 3. juli 1930 Norsk mål i Norig
  51. Tromsø, fredag 2. august 1935 Bygdestemna i Salangen
  52. Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Redigert av Tove Bull og Kjellaug Jetne, Det Norske Samlaget, Oslo 1982. Magne Heide: ”Målarbeid i Nord-Noreg 1945-1980”, side 285-287 (Mållag i Troms)
  53. Mål og makt. nr 3, 1976 "Eit utdrag frå fyrste femaarsmeldinga til Troms fylkesmållag 1915-202" (side 19)
  54. ”Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg.” Redigert av Tove Bull og Kjellaug Jetne, Det Norske Samlaget, Oslo 1982 "Oversyn over mållag i Nord-Noreg fram til 2. verdskrigen" (side 252)
  55. Varden 23. september 1955 (lukka tekst)
  56. Nordlys, laurdag 27. januar 1962 Bokkveld
  57. Lofotposten, tirsdag 9. april 1974: "Målungdom i Harstad har organisert seg"
  58. Harstad Tidende, fredag 25. oktober 1985 Kva er Harstad Målungdom?
  59. Norsk Tidend, laurdag 21. juli 1956 Fleire nye mållag i Nord-Noreg (bl.a. Sortland målalg)
  60. Nordlys, fredag 16. november 1979 Nytt mållag i Salangen