Haug skipreide på Jæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Haug skipreide (Haugs skipreiða) var ei av skipreideneJæren, oppkalla etter garden Hauge i Klepp sokn.

Ho omfatta dei mellomste delane av kommunane Klepp og Time (om lag Horpestad, Bryne, Lyefjell og Frøyland med omland), eller nøyaktigare:[1]

  • del av Klepp sokn (matrikkelgardane 17-19 og 24-27)
  • del av Orre sokn (matrikkelgardane 28-29 og 32)
  • del av Bore sokn (matrikkelgard 41)
  • del av Time sokn (matrikkelgardane 1-4, 10-29, 33-38 og 40-41)

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og Haug skipreide vart nemnd Haug tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene: Derfor vart Haug tinglag oppløyst 1850[2] og erstatta av dei nye Klepp tinglag (Klepp kommune) og Lye tinglag (Time og Gjesdal kommunar).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 58°44′53″N 5°37′39″E