Gjesdal skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Gjesdal skipreide var den austlegaste av skipreideneJæren.

Ho vart danna ein gong under 1600-talet, til skilnad frå dei fleste andre skipreidene som oppstod allereie ein gong på slutten av vikingtida. Ho omfatta Gjesdal sokn, som tilsvara noverande Gjesdal kommune unnateke Oltesvik og Dirdal.[1]

Før skipreida vart oppretta høyrde storparten av Gjesdal sokn til Høle skipreide i Ryfylke. Unnataka var gardane attmed grensa til Time sokn som sokna til Klepp skipreide og garden Ålgård (tilsvarande det som no er tettstaden Ålgård austafor Figgjoelva og vestafor Fiskebekk) som sokna til Gand skipreide

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet. Gjesdal skipreide vart nemnd Gjesdal tinglag, som 1850 vart innlema i nye Lye tinglag, men allereie 1876 vart eige tinglag att.[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]