Luristan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Luristan
استان لرستان
Provins
Oshtoran kuhj.jpg
Land Flag of Iran.svg Iran
Region Region 4
Fylke 11
Hovudstad Khorramabad
Areal 28 294 km²
Folketal 1 716 527 (2006) [1]
Folketettleik 61 / km²
Tidssone IRST (UTC+03:30)
 - Sommartid IRST (UTC+04:30)
Språk lurisk

Luristan
33°29′14″ N 48°21′14″ E
Wikimedia Commons: Lorestan Province

Luristan (farsi استان لرستان) òg skrive Lorestan[2] eller Lurestan[2] er ein provins vest i Iran i Zagrosfjella. Folketalet vart estimert til 1,7 millionar i 2006.[1] I 2014 vart provinsen plassert i Region 4.[3]

Luristan dekkjer eit areal på 28 392 km². Dei største byane i denne provinsen er Khorramabad, Borujerd, Aligoodarz, Dorood, Koohdasht, Azna, Alashtar, Noor Abad, Doh Râh/Dowreh og Pol-e-Dokhtar.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Namnet Luristan tyder «landet til lurarane». I vidare forstand består provinsen av den delen av Vest-Iran som samsvarar med provinsen Ilam og strekkjer seg kring 650 km frå nordvest til søraust frå Kermanshah til Fars, med ei vidde på 150–180 km. Terrenget består stort sett av fjell med mange fjellrekkjer, som høyrer til Zagros, og strekkjer seg frå nordvest til søraust. Den sentrale fjellkjeda har mange toppar som nesten når ei høgd der det alltid er snø, på 4 000 moh og høgare. Dei er opphav til mange viktige elvar i Iran, som Zayandeh rud, Jarahi, Karun, Diz, Abi og Karkheh. Mellom dei høge fjella ligg mange frodige sletter og låge åsar.

Det høgaste punktet i provinsen er Oshtorankuh som når 4 050 meter over havet. Dei lågareliggande områda i sør ligg kring 500 moh over havet. Eikeskogar dekkjer dei ytre fjellsidene, i lag med alm, lønn, valnøtt og mandeltre.[4]

Klimatisk er provinsen delt i tre. Fjellområda, som Boroujerd, Doroud, Azna, Nourabad og Alishtar, har kalde vintrar og moderate somrar. I sentrale område byrjar våren i midten av februar og varer til midten av mai. Byen Khorramabad ligg her. I sør vert område som Pol-e-Dokhtar og Papi påverka av varme luftstraumar frå Khuzestan, med varme somrar og relativt moderate vintrar.[5]

Klimate er generelt kontinentalt med vinternedbør og mykje snø i fjella (Köppen Csa). Sidan han ligg på vestsida av Zagrosfjella, er årsnedbøren i Luristan blant dei høgaste i heile Iran sør for Alborzfjella. I Khorramabad er årsmiddelnedbøren 530 mm, men det kan falle opp til 1 270 mm i dei høgaste fjellområda. Får juni til september kjem det i praksis ingen nedbør.

Temperaturane varierer mykje gjennom året. I Khorramabad er sommartemperaturane typisk frå 12 °C til 32 °C. Om vinteren varierer temperaturen frå -2 °C til 8 °C her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 [1][daud lenkje] National Census 2006
  2. 2,0 2,1 «Luristan (Lorestan) Province». Iran Visitor. Henta 7. mars 2021. 
  3. همشهری آنلاین-استان‌های کشور به ۵ منطقه تقسیم شدند [Provinces were divided into 5 regions]. Hamshahri Online (på persisk). 22. juni 2014. Arkivert frå originalen den 23. juni 2014. 
  4. [2] Lorestan region
  5. [3] Lorestan Land of Culture and Civilization