Hearts of Iron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hearts of Iron
Utviklar(ar)Paradox Development Studio
Utgjevar(ar)Strategy First
DistributørGOG.com
SerieHearts of Iron
SpelmotorEuropa Engine
Siste versjon1.06c
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS, Mac OS
Utgjeving24. nov. 2002
SjangerStorstrategispel, sanntidsstrategispel, krigsspel og historisk spel
Spelemoduseinspelar og fleirspelardataspel
Nettstadhttp://www.heartsofiron-game.com/
Del av serien Hearts of Iron⠀
Hearts of Iron 2→

Hearts of Iron er eit strategispel utgjeve av svenske Paradox Interactive. Spelet går ut på å leia eit land mot, og i ein krig. Ein har tre forskjellige oppdrag. Det fyrste byrjar 1. januar 1936, det andre i 1939 og det siste i 1941. Spelet endar same kva i 1947.

Spelet[endre | endre wikiteksten]

Politikk. I spelet kan ein vel stort sett dei landa som fanst under andre verdskrig. Spelet gjer det mogleg å sende diplomatar til eit anna land for å påverka politikken deira i retninga du vil. Ein kan også forsøkje seg på statskupp, dette kan føre til at landet du freistar å påverka går heilt over til din ideologiske retning. Ideologisk retning er svært viktig au, om du ynskjar å opprette ein allianse med eit anna land. Dersom du vil ha til dømes Sovjetunionen over på det nasjonalsosialistiske Tyskland si side vil det kreve litt påverknad.

Ljod[endre | endre wikiteksten]

Musikken er av det klassiske slaget. Richard Wagner sin musikk pregar mykje av spelet, blant anna med Götterdämmerung. Dette er musikk som passar godt inn i den gamle stilen av spelet generelt. Götterdämmerung tyder ragnarok, og er tittelen på eit av oppdraga i spelet.

Militærstyrkar[endre | endre wikiteksten]

Oppretting av styrker foregår i eit eige panel, ein kan i realiteten bygge so mykje ein vil berre ein har menn nok. Kvar styrke ein bygger i dette panelet er ein divisjon og kvar divisjon har ein leiar. Ein kan velje mellom fleire hundre ulike offiserar blant anna i Tyskland. Etter kvart som krigføringa pågår må ein forsterke styrkane med nye menn ettersom dei gamle fell bort.

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Ein kan velge om ein vil fokusere på forsking eller å byggja krigsmateriell. Alt kan forskast på, frå stridsvogn til atomreaktor. Etter ein viss tid kan ein utvikle ei A- eller H-bombe. Dette gjer at mange land kan skaffe seg både makt og innflyting.

Nye spel og utvidingar[endre | endre wikiteksten]

2. januar 2005 kom spel nummer to i serien, Hearts of Iron 2. Dette spelet har fått endå betre kritikkar enn einaren og er vorte rekna som eit av dei beste strategispela i verda. Til Hearts of Iron 2 har det kome to expansionspakkar, Doomday og Armageddon.

I Doomday får ein eit ekstra oppdrag kalla «Doomday», her byrjar det med at kommunismen og kapitalismen går mot kvarandre i ein tredje verdskrig.

I Armageddon får ein fyrst og fremst litt utvida speletid, pluss at ein får eit par nye kampscenario.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]