Hearts of Iron IV

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hearts of Iron IV

Utviklar(ar)Paradox Development Studio
Utgjevar(ar)Paradox Interactive
DistributørSteam, Humble Store
Design(ar)Johan Andersson
SerieHearts of Iron
SpelmotorClausewitz-spillmotoren
Siste versjon1.11.5
Plattform(er)Microsoft Windows, macOS, Linux
Utgjeving6. juni 2016
Sjangerstrategispel, krigsspel, indiespel, videokrigsspill, storstrategispel
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
Nettstadhttp://www.heartsofiron4.com
Del av serien Hearts of Iron⠀
←Hearts of Iron III  ·

Hearts of Iron IV (forkorta HoI4) er eit dataspel laga av Paradox Interactive som vart utgjeve juni 2016 og er oppfølgjaren til Hearts of Iron III.

Spelet går ut på å styre ein nasjon gjennom andre verdskrigen. Spelet startar i 1936 og det er mogleg å spele som alle nasjonar tilgjengeleg på kartet. Som andre Paradox-spel, skjer spelet i samtid og nyttar pausar.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  • Avansert diplomati
  • Ha din eigen fraksjon
  • Moglegheita å bruke stridsvogn, fly, skip og masseøydeleggingsvåpen
  • Eit kart med vêr, årstider og ulike typar terreng
  • Forsking

Sjølve spelet[endre | endre wikiteksten]

Spelet har to startdatoar - ein i 1936 og ein i 1939. Handlinga i spelet skjer på eit kart som er oppdelt i forskjellige statar. Desse statane har eit gjeve folketal, og ein kan innlemme ein del av desse i armeen, flyvåpenet og marinen deira. Økonomien i HoI4 består av to forskjellige typar fabrikkar, «civilian factories» og «military factories». Dei forskjellige fabrikkane har forskjellige funksjonar: Sivile fabrikkar bruker ein til å bygge andre bygningar som luftvern og festningar eller til å kjøpe ressursar frå andre land. Militære fabrikkar blir brukte til å lage ulike reiskap som skytevåpen eller artilleri.

Kvart land har eit idétre (såkalla «focus tree»), men berre nokre har eit unikt tre, dei fleste har eit generisk tre. Kvar idé tar, med nokre unntak, vanlegvis 70 dagar å fullføre og har eit x distinkt utfall.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Hearts of iron 4 fekk gode kritikkar, med ein poengsum på 88 frå PC Gamer[1] og 10/10 frå Gamer.no. IGN ga spelet 9/10 poeng.[2]

Utvidingar[endre | endre wikiteksten]

Namn Utgjevingsdato Skildring
Togheter for Victory 15. desember 2016 Together for Victory tek for seg det britiske imperiet. Utvidinga gjev Canada, Sør-Afrika, Britisk India, Australia og New Zealand eigne fokustre. Puppet-systemet har også blitt omarbeidd og det er mogleg å sende utstyr til andre nasjonar. [3]
Death or Dishonor 14. juni 2017 *Death and Dishonor fokuserer på Sentral-Europa. Tsjekkoslovakia, Romania, Ungarn og Jugoslavia får eigne idétre. Det har også blitt lagt til moglegheit for å konvertere gammalt utstyr til nytt utstyr.[4]
Waking the Tiger 8. mars 2018 Waking the Tiger fokuserer på Kina og Japan. Utvidinga gir fokustre til Nasjonalist-Kina, Folkerepublikken Kina, Mandsjukuo og dei kinesiske krigsherrane. Japan og Tyskland får eit omarbeidd fokustre. Generalar og feltmarskalkar er også blitt omarbeidde.[5]
Man the Guns 28. februar 2019 Man the Guns fokuserer på havet og marinen. Fokustree til Sambandsstatane og Storbritannia har blitt oppdatert og utvida og Nederland og Mexico har fått eigne fokustre. Marinen har blitt omarbeidd med ein båtdesigner og sjøminer er blitt lagde til. Stater som har kapitulert går i eksil til ein alliert nasjon når dei kapitulerer.
La Resistance 25 februar 2020 La resistance er fokusert på spionasje og får namnet sitt frå den franske motstandsrørsla. Utvidinga legg til spionasje, og omarbeidd motstand. Frankrike har fått eit omarbeidt fokustre. Spania og Portugal har fått seg sitt eige fokustre.[6]
No step back Ukjent No Step Back fokuserar på austfronten. Utvidinga skal fokusere på krigføring på landlegger til fokustre for Estland, Latvia og Litauen får eigne fokustre og Sovjetunionen og Polen får eit omarbeidt fokustre. [7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Zacny, Rob (9. juni 2016), «Hearts of Iron 4 review», PC Gamer (på engelsk), henta 24. januar 2020 
  2. Hearts of Iron 4 Review - IGN (på engelsk), henta 24. januar 2020 
  3. «Save -50% on Hearts of Iron IV: Together for Victory | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 24. januar 2020 [daud lenkje]
  4. «Save -50% on Hearts of Iron IV: Death or Dishonor | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 24. januar 2020 [daud lenkje]
  5. «Save -50% on Hearts of Iron IV: Waking the Tiger | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 24. januar 2020 [daud lenkje]
  6. «Hearts of Iron IV: La Resistance | Paradox Interactive», www.paradoxplaza.com (på engelsk), henta 24. januar 2020 [daud lenkje]
  7. «Next Hearts of Iron 4 DLC announced at PDXCon Remixed», PCGamesN (på engelsk), henta 24. mai 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]