Crusader Kings II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Crusader Kings II
Utviklar(ar)Paradox Interactive
Utgjevar(ar)Paradox Interactive
Design(ar)Henrik Fåhraeus, Chris King
Utgjeve2012
SjangerStrategi
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
MediumCD, digital distribusjon

Crusader Kings II er eit strategispel utvikla og utgjeve av Paradox Interactive som ein oppfølgjar til Crusader Kings. Spelet blei utgjeve for Microsoft Windows 14. februar 2012 og fekk positive kritikkar.

Spelet kan skildrast som ein dynastisimulator kva spelaren kontrollerer eit mellomalderdynasti frå 1066 til 1453. Gjennom strategisk bruk av mellom anna giftarmål og snikmord freistar spelaren å oppnå suksess for dynastiet sitt.

Spelet nyttar eit genetisk- og eit utdanningssystem kvar barn arvar eigenskapane, kulturen, religionen og evnene til foreldra eller oppsedaren. Derfor er det òg mogleg for spelaren å avle fram dei beste individuelle eigenskapane for å sikre kvaliteten på seinare avkom.

Det finst fem føydale nivå i spelet; kvar fire er moglege å spele som: Baron (ikkje mogleg å spele som), Greve/Jarl, Hertug, Konge eller Keisar.

Ein demo blei utgjeve 4. februar 2012 med moglegheiter for å spele som fire ulike karakterar gjennom 20 år.[1] Spelet fekk jamt over ei god mottaking.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Peikarar[endre | endre wikiteksten]

http://www.crusaderkings.com/. Offisiell nettstad