Europa Universalis III
Hopp til navigering
Hopp til søk
Europa Universalis III | |
Utviklar(ar) | Paradox Interactive |
---|---|
Utgjevar(ar) | Paradox Interactive |
Utgjeve | EU 26. januar 2007 NA 23. januar 2007 |
Sjanger | Strategi, Historisk strategi |
Spelemodus | Einspelar, Fleirspelar |
Versjon | 1.3 |
Aldersgrense | ESRB: E 12+ |
Europa Universalis III (forkorta EU3) er eit historisk strategispel utvikla til PC av Paradox Interactive, utgjeve vinteren 2007. Spelet vart annonsert den 14. februar 2006.
Europa Universalis III startar kort etter Konstantinopels fall, i 1453. I den etterfølgjande tida må spelaren leie nasjonen sin til å bli mektig og stor, og det heile vert avslutta etter revolusjonane i Frankrike og Amerika. Totalt kjem spelet med over 250 historiske nasjonar.
Spelet skil seg ikkje mykje frå forgjengaren Europa Universalis II, men for første gong vert det brukt ein tredimensjonal grafikkmotor. Dessutan er det fleire moglegheiter for spel i fredstid, som tidlegare har vore noko avgrensa.
Innhaldsliste
Innehald[endre | endre wikiteksten]
- Spelarar kan avgjere deira styreform, samfunnstruktur, handelspolitikk, osb.
- Spelarar kan ta opp 'nasjonale idear' for å styre nasjonane i forskjellige retningar.
- Det er mogleg å rekruttere rådgjevarar for styret, i enkelte tilfelle går desse under namn som Isaac Newton, Wolfgang Amadeus Mozart eller René Descartes.
- Eit 3-dimensjonalt topografisk kart inneheld 1,700 provinsar og sjøsoner.
- Spelarar kan velje mellom ein av dei meir enn 250 nasjonane som eksisterte under tidsepoken, mellom andre Skottland, Kazan, Bohemia og Bali.
Utvidingar[endre | endre wikiteksten]
- Napoleon's Ambition var den første utvidinga til hovudspelet. Windowsversjonen av denne er berre tilgjengeleg som kjøpt nedlasting ifrå GamersGate. Denne prøver å forbetre grensesnittet, utvide handelssystemet, utvida moglegheiter og eit lengre tidsperspektiv.[1]
- In Nomine er den andre utvidinga. Tidsråma for spelet vert på nytt utvida, ein har lagt til Bysants, omarbeidd den kunstige intelligensen og gjort opprørsbandar til meir politisk målretta grupper.[2]
Versjon | Tidlegast mogleg start dato |
Seinast mogleg start dato |
Slutt dato |
---|---|---|---|
Europa Universalis III (originalversjon) | 30. mai, 1453 | 14. juli, 1789 | 1. januar, 1793 |
Napoleon's Ambition (utviding) | 30. mai, 1453 | 2. januar, 1821 | 1. januar, 1822 |
In Nomine (utviding) | 14. oktober, 1399 | 2. februar, 1821 | 3. februar, 1821 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Europa Universalis III» frå Wikipedia på bokmål, den 13. september 2008.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Napoleon Invades Europa Universalis III IGN.com
- ↑ EU III Expansion 'In Nomine' Revealed Gamershell.com Gamershell.com