Heidi Ruud Ellingsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Heidi Ruud Ellingsen
Heidi-Ruud-Ellingsen.jpg
Fødd26. juli 1985 (36 år)
FødestadNarvik
Aktive år2006–
Verka somstemmeskodespelar, skodespelar, dansar, songar
SambuarMads Ousdal
PrisarCoop Nords kulturpris

Heidi Ruud Ellingsen (fødd 26. juli 1985 Narvik) er ein norsk skodespelar, dansar og songar, utdanna ved Bårdar Akademiet i Oslo.

Ho er kjend for sine roller i ei rekkje musikalar og teaterstykke, og ho har spelt i TV-seriar som Hjem og 100 Code. Ho scenedebuterte i 2006 og slo gjennom i 2008 då ho vann NRK-konkurransen Drømmerollen.

Ho leidde Melodi Grand Prix 2019 saman med Kåre Magnus Bergh.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Debut[endre | endre wikiteksten]

Ellingsen gjekk musikkteaterlinja ved Bårdar Akademiet i 2004–2006 og debuterte i 2006 i stykket Spelemann på taketOslo Nye Teater. Året etter fekk Ellingsen rollen som Kathy Selden i musikalen Singin' in the Rain i knallhard konkurranse med sju andre kvinner i tv-talentshowet DrømmerollenNRK1.[1] «Du er ein stor musikalartist», sa jurymedlemmar Svein Sturla Hungnes etter kåringen.[2]

Musikalen hadde premiere på hovudscena til Oslo Nye Teater den 30. januar 2008.[3] Etter at stykket var ferdig våren 2008, gjekk Ellingsen over i hovudrolla som Sol i storsatsinga Sol av Isfolket, basert på Margit Sandemo sine tre første bøker i Sagaen om Isfolket. Den mannlege motspelaren hennar var Paul Ottar Haga.[4]

Oslo Nye Teater[endre | endre wikiteksten]

Ellingsen har òg spelt rolla som Cosette i musikalen Les Misérables på Oslo Nye Teater, og deretter Spring Awakening.[5] Hausten 2010 vart ho fast tilsett på Det Norske Teater og hadde hovudrolla Mary i Den hemmelege hagen. Ho var tilsett ved teateret i fem år og medverka i diverse førestillingar, blant andre Enron, Eg elskar deg, du er heilt perfekt, men burde du ikkje …, Tonje Glimmerdal, Spelemann på taket og Rytmar frå verdsrommet. I 2012 spelte ho Oda i NRKs dramaserie Hjem.[6] Ho spelte òg i den svensk-amerikanske HBO-serien 100 Code (2015).[7][8]

Sommaren 2014 og 2015 hadde ho rolla som Solveig i Peer GyntGålå, regissert av Erik Ulfsby. Seinare har ho òg samarbeidd med Arve Tellefsen og Kjetil Bjerkestrand med musikken frå førestillinga.

I 2015 spelte ho hovudrolla i Mary PoppinsFolketeatret i Oslo, og vart tildelt Musikkteaterprisen for innsatsen. Våren 2016 spelte ho i Den hellige Johanna fra Slaktehusene av Bertolt Brecht, regissert av Angelina Stojcevska på Teatret Vårt i Molde.

Hausten 2018 spelte ho hovudrolla i FlashdanceChateau Neuf i Oslo.[9][10]

Andre oppdrag[endre | endre wikiteksten]

Ellingsen har medverka på diverse konsertar med blant anna Stabsmusikken, Oslo-Filharmonien, Sandvika Storband og Sandefjord Storband.

I mars 2019 var ho programleiar for Melodi Grand Prix 2019 på NRK1 saman med Kåre Magnus Bergh.[11]

Stemmeskodespelar[endre | endre wikiteksten]

I 2008 debuterte ho som stemmeskodespelar med ei rolle i Disko-ormene som hadde premiere i Noreg i februar 2009. Sidan då har ho gjeve stemme til ei rekkje seriar og filmar, blant dei animasjonsfilmen Istid 4: Kontinent på avveie.

I 2013 spelte Ellingsen hovudrolla som Unn den Fagre i den årlege vikingmusikalen Herøyspelet Kongens Ring saman med blant andre Nils Ole Oftebro og Anette Hoff. Same år spelte Ellingsen ei av hovudrollene i Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy, eit norsk musikkspel av Stig Nilsson. Der hadde ho rolla som Karen Løseth.

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Ellingsen er sambuar med skodespelaren Mads Ousdal, og dei har to barn saman.[12][13]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

  • Narvik musikk- og kulturskule
  • Talenter i nord – talentsamling i musikk, dans og drama 2001–2003
  • Bårdar Akademiet, musikkteaterlinja 2004–2006

Roller[endre | endre wikiteksten]

  • Peer Gynt (i Giza) – 2006
  • Spelemann på taket (Oslo Nye Teater) – 2007, danser/understudy
  • Singin' in the Rain (Oslo Nye Teater) – 2008, Kathy Selden
  • Sol av Isfolket (Valdres friluftsteater) – 2009–2012, Sol
  • Trollkoden (Gålå) – 2009, Solveig
  • Les Misérables (Oslo Nye Teater)– 2009, Cosette
  • Nordaførr (Nordland Teater) – 2009, Maja
  • Spring Awakening (Oslo Nye Teater) – 2010, Thea
  • Den hemmelege hagen (Det Norske Teatret) – 2010, Mary Lennox
  • Enron – 2011
  • Eg elskar deg, du er heilt perfekt, men burde du ikkje … (Det Norske Teatret) – 2011[14]
  • Gjøglaren (Det Norske Teatret) – 2011, Giovanni
  • Hjem (NRK1) – 2012, Oda
  • Istid 4: Kontinenter på avveie (Animasjonsilm) – 2012, Fersken
  • 100 Code (HBO) – 2015, Charlie
  • Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy2013, Karen Lønseth
  • Herøyspelet Kongens Ring2013, Unn den fagre
  • Tonje Glimmerdal (Det Norske Teatret) – Tonje Glimmerdal
  • Spelemann på taket (Det Norske Teatret) – 2014, Hodel
  • Dei to systrene (Riksscenen) – Villniss kompani, 2014[15]
  • Peer Gynt (Gålå) – 2014–2015, Solveig
  • Rytmar frå verdsrommet (Det Norske Teatret) – 2015, Mikkmikk Aggen
  • Mary Poppins (Folketeateret) – 2015, Mary Poppins
  • Den hellige Johanna fra slaktehusene (Teatret Vårt) – 2015, Johanna
  • Flashdance (Chateau Neuf) – 2018, Alex

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Coop Nords kulturpris 2006
  • Svarta Bjørn ærespris
  • Kulturprisen i Narvik
  • Musikkteaterprisen 2015

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Riise, Hege Bakken (20. november 2007). «Heidi vant drømmerollen» (på norsk bokmål). Henta 22. desember 2018. 
  2. «Jublende Heidi vant Drømmerollen» (på norsk). 20. november 2007. Henta 22. desember 2018. 
  3. «Velkommen tilpressevisning på singin' in the rain» (på engelsk). 21. januar 2008. Arkivert frå originalen 2018-12-22. Henta 22. desember 2018. 
  4. Pedersen, Jan Vidar Lie (10. august 2008). «Suksess for "Sol av Isfolket"» (på norsk bokmål). Henta 22. desember 2018. 
  5. «Les misérables: om de medvirkende» (på engelsk). 3. februar 2009. Arkivert frå originalen 2018-12-22. Henta 22. desember 2018. 
  6. Norderhaug, Martin (3. januar 2013). «Gifter seg i siste sesong av «Hjem»» (på norsk). Henta 22. desember 2018. 
  7. Steen, Thea (17. oktober 2014). «I all hemmelighet har hun spilt inn en internasjonal tv-serie» (på norsk). Henta 22. desember 2018. 
  8. «Heidi Ruud Ellingsen». Henta 22. desember 2018. 
  9. «Heidi blir den nye «Flashdance»-stjernen» (på norsk). 26. november 2017. Henta 22. desember 2018. 
  10. «Heidi Ruud Ellingsen hylles av VG» (på norsk). 11. oktober 2018. Henta 22. desember 2018. 
  11. Alnes, Espen (6. desember 2018). «Heidi Ruud Ellingsen blir ny programleiar i MGP». Henta 22. desember 2018. 
  12. «Mads Ousdal og Heidi Ruud Ellingsen har blitt foreldre» (på norsk). 18. oktober 2016. Henta 22. desember 2018. 
  13. Bjørnstad, Malini Gaare (9. januar 2016). «Derfor holdt hun og Mads Ousdal tett om forholdet» (på norsk). Henta 22. desember 2018. 
  14. «Sceneweb». Henta 22. desember 2018. 
  15. «Villniss Dansekompani - Dei to systrene - RIKSSCENEN - Schous Kulturbryggeri» (på norsk). Henta 22. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Heidi Ruud Ellingsen